Bent Martini anløp Havila Pollux foto Marius Rosbach 111
BOTNNOTERING: Havila Kystruten-sjef Bent Martini då Havila Pollux ankom Mjølstadneset for første gong tidlegare i år. foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Veka slutta med to botnnoteringar

Kystruten og landbasert oppdrett var dagens taparar frå regionen.

Marius Rosbach
08.12.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet

Havila Kystruten
var dagens børsvinnar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.

Det har vore handla betydeleg med aksjar i selskapet i løpet av dei siste dagane, og sluttkursen fredag enda på 0,826 kroner per aksje.

Sjølv om det var ein oppgang på 7,83 prosent for dagen, er børsutviklinga lite å juble for. Så langt i år har verdien falle med drygt 90 prosent.

I løpet av fredagen var aksjen nede i ny botnnotering på 0,77 kroner aksjen og børsen prisar reiarlaget til drygt 700 millionar kroner.

Botnnoteringa har truleg samanheng med at Havila Castor tidlegare i veka måtte avbryte seglasen til Kirkenes grunna tekniske problem. For ein dryg månad sidan hadde søsterskipet Havila Pollux teknisk feil på ein elmotor og måtte avbryta seglasen i Trondheim.

Les også

Atlantic Sapphire-aksjen blei dagens tapar av selskapa frå regionen. Sluttkursen blei 1,392 kroner aksjen etter eit fall på 5,82 prosent i løpet av dagen.

I løpet av dagen måtte selskapet samtidig notere seg for ny botnnotering med 1,30 kroner aksjen.

Selskapet som satsar på landbasert oppdrett i den amerikanske delstaten Florida, har hatt ein rekke problem det siste året – og kursutviklinga har vore deretter.

Aksjen har falle drygt 80 prosent i løpet av 2023.

Hovudindeksen på Oslo børs slutta i pluss med 0,52 prosent til 1294,33 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten kr 0,83 7,83 %
Norva 24 Group* 22,65 kr 3,42 %
Sparebanken Møre kr 78,80 1,74 %
Hexagon Composites kr 26,06 1,01 %
Havila Shipping kr 5,68 0,18 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,16 0,00 %
Salmon Evolution kr 6,19 -0,16 %
Hexagon Purus kr 9,70 -0,51 %
Hav Group kr 9,54 -1,04 %
Endúr kr 39,50 -1,25 %
Statt Torsk kr 0,76 -1,56 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,40 -1,73 %
Arctic Bioscience kr 9,00 -2,17 %
Hofseth Biocare kr 2,67 -2,91 %
Atlantic Sapphire kr 1,39 -5,82 %
* Kurs i SEK

Publisert: 08.12.2023 17:16

Sist oppdatert: 08.12.2023 17:16

Mer om