Børsdagen: Vinnar på raud dag
Kraftig fall for hovudindeksen.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Hovudindeksen på Oslo børs var ned over to prosent tysdag ettermiddag.
Rett før stengetid henta den seg litt att, og enda på minus 1,89 prosent til 1415,1 poeng.
Dermed forsvann mykje av oppgangen den siste tida, men hovudindeksen er framleis opp 8,3 prosent så langt i år.
Havila Shipping vart vinnaren av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Reiarlaget fekk eit oppsving etter at dei melde om ny langtidskontrakt måndag, og oppgangen heldt fram tysdag.
Sluttkursen vart 6,47 kroner etter ein oppgang på 5,72 prosent. Berre ei kort periode i april, har aksjen vore høgare i år.
Elles gjekk det mest i minus for selskapa frå regionen. Verst utvikling hadde Atlantic Sapphire, som fall med 6,43 prosent til 11,1 kroner.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Shipping | kr 6,47 | 5,72 % |
Hexagon Composites | kr 31,45 | 3,80 % |
Norva 24 Group* | kr 30,35 | 1,34 % |
Hexagon Purus | kr 9,37 | 0,54 % |
Romsdal Sparebank | kr 110 | 0,0 % |
Sparebanken Møre | kr 84,19 | -0,40 % |
Hofseth Biocare | kr 2,07 | -0,48 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 34,51 | -0,55 % |
Arctic Bioscience | kr 9,90 | -1,00 % |
Endúr | kr 50,60 | -1,17 % |
Hav Group | kr 11,40 | -1,30 % |
Salmon Evolution | kr 7,88 | -1,87 % |
Havila Kystruten | kr 0,98 | -3,63 % |
Atlantic Sapphire | kr 11,10 | -6,43 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 04.06.2024 17:02
Sist oppdatert: 04.06.2024 17:04