Bagid har nesten nådd minstemålet
I første dag av kapitalinnhentinga si har bagasjebrikkeselskapet Bagid nesten nådd minstemålet.
I dag starta den offisielle kapitalinnhentinga i bagasjebrikkeselskapet Bagid. Selskapet sitt mål er å hente inn mellom 9,5 millionar og 22 millionar kroner i ny eigenkapital i løpet av dei komande 14 dagane. Klokka 15:48 er status at investorar har teikna seg for 9,2 millionar kroner. Det er medrekna dei som på førehand hadde gitt tilsagn om at dei ville vere med.
Kapitalinnhentinga skjer gjennom selskapet Folkeinvest, som har spesialisert seg på kapitalinnhenting for mindre og nye selskap.
Folkeinvest sto blant anna bak kapitalutvidilnga som sikret Inseanergy i Ålesund 30 millioner kroner i ny eigenkapital tidligare i år.
Vil utvide marknaden
Bagid har utvikla ein elektronisk bagasjebrikke som erstattar bagasjelappen som i dag må skrivast ut på flyplassane for kvar reise.
Ideen er å forenkle reisa, samstundes som bagasjeeigar og flyselskap alltid veit kvar bagasjen er.
Bagasjemerket fungere også som ein tjuverialarm, om nokon for eksempel forsøker å stikke av med bagasjen din frå flytog eller flybuss.
Målet er å gradvis utvide bruksområdet for brikken og teknologien, også inn marknaden for godstransport.
I ei kapitalutviding i 2018 henta Bagid inn 5,45 millioner kroner.
Selskapet Pir II Invest, som er ein del av Pir-miljøet i Ålesund, gjekk inn med fire av av 5,45 millionane.
Den kapitalutvidinga verdsette Bagid til 17 millionar kroner. Bagid ble grunnlagt av Jan Vidar Nalbant, Øystein Tvedt og Øystein Aarsæther.
Før den nye kapitalutvidinga er Bagid verdsett til 49,5 millionar.
Pluss frå 2025
Så langt har selskapet først og fremst drive med utviklingsarbeid og marknadsføring. Siste tilgjengelige reknskap, frå 2020, viser 29.000 kroner i driftsinntekter og to millionar i underskot.
I invitasjonen til å investere i selskapet skriv Bagid at det ventar ei driftsinntekt som veks frå 13 millionar kroner i 2022 til 83 millionar i 2027 og at selskapet vil gå med overskot frå 2025.
Publisert: 03.08.2022 16:00
Sist oppdatert: 03.08.2022 16:04