Bakar for heile Noreg
KNEKKEBRØD:  Knekkebrød utgjer omlag fem prosent av inntektene til bakeriet i Søvika og har vore ei god hjelp for Liv-Anette Valaker Røren og Alf Røren til å nå ut i heile landet. 
Nytt

Bakar for heile Noreg

For 30 år sidan var bakeriet i Søvika i Haram eitt av dei minste av mange i Ålesund og omegnkommunane. No er selskapet suverent størst og har nådd kvar krik og krok i Noreg. 

21.12.2019
- For sju år sidan såg vi at marknaden og vekstpotensialet blei avgrensa av geografi, seier Liv-Anette Valaker Røren og Alf Røren.
Det er grenser for kor langt du kan nå med ferske brød og andre ferske bakevarer og dei grensene hadde bakeriet i Søvika nådd.

Julekaker og knekkebrød

Løysinga på korleis bakeriet skulle vekse vidare kom då Coop foreslo ein avtale om å få produsert julekaker i Søvika.
Det er varer som kan lagrast og fraktast langt. Med julekakene kom og knekkebrød som har blitt den største einskildsuksessen for bakeriet på landsbasis og står for rundt fem prosent av dei samla driftsinntektene.
I dag lagar bakeriet i Søvika om lag 25 ulike variantar av såkalla tørre bakevarer – som toler lang lagring – og fryste konditor- og bakevarer, som for eksempel marsipankaker og halvsteikte brød.
Gjennom samarbeidet med Coop når bakeriet heile landet, og eksporterer til og med knekkebrød til Italia og halvsteikte brød til Spania.

110 tilsette

I haust er også ei ny produksjonsline tatt i bruk, for smultringar og andre friterte bakevarer, som også skal distribuerast landet over.
Partnarskapen med Coop er grunnen til at fabrikkbygget i Søvika husar to selskap, som deler på folk, utstyr og administrasjon.
Goman Valaker er brødprodusenten og Valaker Bakeri og Konditori er selskapet som produserer alt av kaker både med og uten krem.
Valaker/Røren-familien eig bygget og selskapet Valaker Bakeri og Konditori. Dei eig og 49 prosent i Goman Valaker, og Coop eig resten.
Goman Valaker og Valaker Bakeri og Konditori leverer ferske bake- og konditorvarer i Møre og Romdal og deler av Sogn og Fjordane, medrekna sine ti eigne konditori.
Til saman hadde selskap 150 millionar kroner i driftsinntekter i fjor og har om lag 110 tilsette i fabrikk og butikkar.

Tøff konkurranse

Valaker Bakeri og Konditori og Goman Valaker er i dag til saman rundt fem gangar større enn resten av bakeri/konditorbransjen på Sunnmøre.
- Det har vore ei grusom avskaling av bakeri, seier Alf Røren.
Men få og små lokale konkurrentar betyr ikkje at konkurransen er liten. Tvert imot.
Smultringproduksjonen bakeriet er i gang med i haust skjer i direkte konkurranse med utanlandske aktørar, akkurat som for fleire andre produkt.
-Importen av brødvarer og bakevarer har auka med fleire prosent i året i fleire år, seier Røren.
Samstundes endrar også forbrukarane smak. Færre tradisjonelle ferske brødskiver blir fortærte, og blir mellom anna erstatta av anna bakverk.
-Den som ikkje klarer å få med seg svingingane får ei grusom erkjenning, seier Røren.

Treffe marknaden

Skal bakeriet i Søvika klare å oppretthalde suksessen, må det lukkast i produktutviklinga. Folk må kjøpe det som blir laga. Distribusjonsavtale med Coop er ikkje nok.
-Vi prøvar å få kategorisjefane til å kome hit og så fyller vi bordet med alle typar idear, seier Liv-Anette Valaker Røren.
Av 30 produkt som blir lagde på bordet er dei heldig om to-tre passerer første nålauge. Deretter er det ny testing og vurdering, før eit nytt produkt til slutt hamnar i butikkhyllene.
Å nå ut i marknaden er likevel lett, slik Valaker Røren ser det. Utfordringa er at det er like lett å bli kasta ut igjen om forbrukarane ikkje likar det.
Men blir det treff, er forbrukarane selskapet sin best ven.
Eit knekkebrød med graskarkjerner slo ikkje umiddelbart godt an i første runde, men dei som kjøpte det kom tilbake etter meir, og snart kom vener og kjenningar av dei og. No er det blitt bestseljaren.
Det er avgjerande å treffe forbrukarane, men det går ei grense.
- Vi nektar av prinsipielle grunnar å lage julemenn før vi kjem til slutten av oktober, ler Valaker Røren.










Vi nektar av prinsipielle grunnar å lage julemenn før vi kjem til slutten av oktober 

Publisert: 21.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46