Bank har plass til å vekse
Sparebanken Vest flytta inn i nytt kontor og skal tilsetje fleire.
Denne veka har det vore offisiell opning av Sparebanken Vest sitt nye kontor i Ålesund.
Etter at renoveringa av lokalet med adresse Kongens gate 1 er ferdig, er banken på plass i eit lokale dei kan kalle sine eigne.
Sparebanken Vest opna kontor i Ålesund allereie hausten 2021. Den gong var dei 11 personar, og har sidan vekse med tre tilsette.
- Vi har tenkt til å vekse og bli endå fleire. Vi ser behov for å bemanne opp og opplever at vi har fått ein god start, seier banksjef Eirik Vartdal til NETT NO.
Skal tilsette fleire
I løpet av kort tid planlegg banken å utlyse eit par nye stillingar. Som leiar for personmarknaden har Vartdal også ansvaret for Volda-kontoret til banken. Her kom nyleg ein ny tilsett og to nye skal starte opp i mai.
- Vi opplever at kundane ønsker å bruke lokale bankar, og at det er viktig at dei kan snakke med nokon som har god kjennskap til Vestlandet og kulturen her, seier han.
- Samtidig er vi ein sparebank som gir midlar tilbake til lokalmiljøet, legg han til.
Allereie har banken delt ut 13 millionar kroner til ulike samfunnsnyttige formål i Ålesund og kommunane rundt sidan dei kom til byen.
Toppsjef på kundemøter
Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth har også teke turen til Ålesund, men hadde eit stramt program onsdag. Då var han på besøk ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) for å gjere seg meir kjent og møte lokale kundar.
Kvelden i forvegen var toppsjefen på plass for snorklipping, saman med kring 70 kundar og samarbeidspartnarar som deltok på opninga i sentrumslokala.
Publisert: 15.03.2023 14:04
Sist oppdatert: 15.03.2023 18:55