Bankane tek over Hermitage skip
MOLTUSTRANDA: Tidlegare i sommar låg fleire Hermitage-skip i opplag på Moltustranda. No er det berre Hermit Galaxy att, medan Hermit Prosper er i arbeid.
Nytt

Bankane tek over Hermitage-skip

Långivarane DNB og SEB har overtatt PSV-flåten til Hermitage Offshore, skriv Finansavisen.

08.10.2020
Herøy-selskapet Remøy Shipping har driftsansvar for åtte av dei ti supplyskipa, og der fleire av skipa har norsk mannskap.
To av ti skip er bygd hos Vard, resten av Ulstein Verft.
Skipa vart først kjøpte av Herbjørn Hansson og Nordic American Offshore (NAO), men vart seinare selde til Hermitage Offshore, som var børsnotert i New York.
Etter at selskapet søkte komkursbeskyttelse i USA beordra konkursretten i New York offshoreselskapet å hyre inn rådgjevarar for å finne ei løysing eller å finne kjøpar til fartøya, anten skip for skip, heile flåten av offshoreskip - eller heile flåten av passasjerbåtar.

No har altså DNB og SEB tatt over offshorefartøya, til ein pris under gjelda, i følgje Finansavisen.

Publisert: 08.10.2020 15:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03