Banken og kommunen eig selskapet Mosflata Næringsbygg as saman. Det er eit selskap som dei siste åra først og fremst har bidratt til å stimulere produksjonen av grå hår hos dei involverte, og fungert som eit pengesluk for eigarane.
Bygget var bygd for å huse komfyrprodusenten Grepa, men etter at det finske Helkama-konsernet la ned komfyrproduksjonen i Ørsta i 2008, og avslutta leigeavtalen har fabrikkbygningen stått nesten tom. Eigarane har heller ikkje greidd å selje bygget.
Eitt alternativ er at banken tok over alle aksjane i Mosflata Næringsbygg. NETT NO kjenner ikkje til kva vederlag som må til for å få avtalen på plass, men kommunen kan neppe rekne med stor gevinst.
Frå og med 2008 har selskapet hatt eit samla underskot på 10 milionar kroner.
Og selskapet treng meir pengar. Selskapet har hittil leigd tomta bygget står på. Men no har eit overskjøn nettopp sett verdien på sjølve tomta til 4,4 millionar kroner, pengar Mosflata Næringsbygg AS må betale til kommunen, skriv avisa Møre-Nytt.
Kommunen kjøpte tomt og det opphavlege anlegget Grepa-fabrikken hadde i Ørsta sentrum frå eigaren, det finske Helkama-konsernet. Prisen var rundt 29 millionar kroner, og kommunen regulerte tomta for å rydde plass til Amfi-kjøpesenteret som ligg der i dag.
Kommunen var og med å byggje og eige fabrikkhallen på Mosflata rundt to kilometer frå sentrum. Helkama forplikta seg til ein ti-årig leigeavtale, og varsla om nedlegging like før leigeavtalen gjekk ut.
Tidlegare i år vart banken eineeigar av både bygg- og driftselskap i Hotell Ivar Aasen i Ørsta, etter langvarige forhandlingar med den tidlegare kompanjongen Regius Holding.
I eit intevju med NETT NO i januar i år, sa administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre at banken sitt langsiktige mål er å selje seg ut av eigedom.
Men ho sa og at banken ikkje vil forhaste seg.
- Det er klart vi kunne selge eigedomar til underpris. Eg trur nok at ein del aktørar ikkje ville synest det var OK, om vi tok så låge prisar, seier Midtbø.
Bygget var bygd for å huse komfyrprodusenten Grepa, men etter at det finske Helkama-konsernet la ned komfyrproduksjonen i Ørsta i 2008, og avslutta leigeavtalen har fabrikkbygningen stått nesten tom. Eigarane har heller ikkje greidd å selje bygget.
Avtale på formannskapsmøte
Etter det NETT NO har grunn til å tru er ein avtale mellom banken og kommunen tema på formannskapsmøtet i Ørsta, som starta i dag tysdag 18. mars klokka 11.00.Eitt alternativ er at banken tok over alle aksjane i Mosflata Næringsbygg. NETT NO kjenner ikkje til kva vederlag som må til for å få avtalen på plass, men kommunen kan neppe rekne med stor gevinst.
Frå og med 2008 har selskapet hatt eit samla underskot på 10 milionar kroner.
Og selskapet treng meir pengar. Selskapet har hittil leigd tomta bygget står på. Men no har eit overskjøn nettopp sett verdien på sjølve tomta til 4,4 millionar kroner, pengar Mosflata Næringsbygg AS må betale til kommunen, skriv avisa Møre-Nytt.
Omfattande engasjement
Ørsta kommune har hatt eit langvarig og omfattande engasjement i den tidlegare Grepa-fabrikken.Kommunen kjøpte tomt og det opphavlege anlegget Grepa-fabrikken hadde i Ørsta sentrum frå eigaren, det finske Helkama-konsernet. Prisen var rundt 29 millionar kroner, og kommunen regulerte tomta for å rydde plass til Amfi-kjøpesenteret som ligg der i dag.
Kommunen var og med å byggje og eige fabrikkhallen på Mosflata rundt to kilometer frå sentrum. Helkama forplikta seg til ein ti-årig leigeavtale, og varsla om nedlegging like før leigeavtalen gjekk ut.
Stor på eigedom
Endar kommunen og banken opp med at banken tek over, blir dette den andre store bygget Sparebank 1 Søre Sunnmøre tek over i Ørsta i år.Tidlegare i år vart banken eineeigar av både bygg- og driftselskap i Hotell Ivar Aasen i Ørsta, etter langvarige forhandlingar med den tidlegare kompanjongen Regius Holding.
I eit intevju med NETT NO i januar i år, sa administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre at banken sitt langsiktige mål er å selje seg ut av eigedom.
Men ho sa og at banken ikkje vil forhaste seg.
- Det er klart vi kunne selge eigedomar til underpris. Eg trur nok at ein del aktørar ikkje ville synest det var OK, om vi tok så låge prisar, seier Midtbø.
Publisert: 18.03.2014 12:55
Sist oppdatert: 03.01.2022 19:29