Nytt
Banken tek over Hotell Ivar Aasen
Sparebank 1 Søre Sunnmøre tek over bygget og drifta av Hotel Ivar Aasen i Ørsta.
27.02.2014
Det stadfestar administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre på ein pressekonferanse i dag, torsdag 27.februar.
Inntil banken får ein eventuell kjøpar, blir den både drivar og eigar av bygget. Ny direktør er tilsett, og tek over leiinga i løpet av andre kvartal i år.
Linda Haddal Røssevoll tek over og skal drive Hareid Hotel vidare åleine. Hotellet blir omdøypt til Melshorn Hotell.
- Eg er kjempeglad, seier Linda Haddal Røssevoll, etter at refinansieringa og omorganiseringa er på plass.
Medan 2013 starta med eit belegg på 22 prosent, har belegget hittil i år vore over 50 prosent, seier Røssevoll. Ho budsjetterer med seks millionar kroner i driftsinntekter i år.
På pressekonferansen forklarte ho at noko av årsaka til at refinansiering og oppdeling vart naudsynt, er at Regius Holding gapte for vidt.
- Vi femna om litt for mykje, vi må spisse det meir inn, seier ho.
Banken vil ikkje stadfeste kor stort tap den har bokført på hotellengasjementet sitt, men stadfestar at den bokførte eit tap ifjor.
I reknskapen for 2013 bokfører banken tap på 22 milionar kroner. Etter det NETT NO har grunn til å tru skriv rundt halvparten seg frå tap på hotellengasjementet.
Haddal Røssevoll tek over heile selskapet. Ho vil ikkje opplyse vilkåra, men seier banken blir med som vidare långivar.
Hotellkonsulent Stein Åge Hære vart innleigd i august ifjor, og har jobba med planane sidan.
Han trur banken og Haddal Røssevoll har funne ein modell som vil gå godt:
Regius Holding hadde 2,7 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot på minus 6,1 millionar kroner etter skatt i 2012. Gjelda var 26 millionar kroner.
Ørsta
Inntil banken får ein eventuell kjøpar, blir den både drivar og eigar av bygget. Ny direktør er tilsett, og tek over leiinga i løpet av andre kvartal i år.
Linda Haddal Røssevoll tek over og skal drive Hareid Hotel vidare åleine. Hotellet blir omdøypt til Melshorn Hotell.
Reindyrka forretningshotell
Begge hotella kjem til å bli meir reindyrka forretningshotell, med forretningreisande og kurs- og konferansemarknaden som viktigaste målgruppe.- Eg er kjempeglad, seier Linda Haddal Røssevoll, etter at refinansieringa og omorganiseringa er på plass.
Medan 2013 starta med eit belegg på 22 prosent, har belegget hittil i år vore over 50 prosent, seier Røssevoll. Ho budsjetterer med seks millionar kroner i driftsinntekter i år.
Gapte for vidt
Haddal Røssevoll har vore leiar for Regius Holding, som har stått for drifta både i Ørsta og på Hareid. Regius Holding eig og hotellbygget på Hareid, og har vore medeigar i hotellbygget i Ørsta.På pressekonferansen forklarte ho at noko av årsaka til at refinansiering og oppdeling vart naudsynt, er at Regius Holding gapte for vidt.
- Vi femna om litt for mykje, vi må spisse det meir inn, seier ho.
Milliontap for banken
Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vore långivar til Regius Holding, og i tillegg eigar av 49,48 prosent av aksjane i eigedomsselskapet som eige hotellbygget i Ørsta.Banken vil ikkje stadfeste kor stort tap den har bokført på hotellengasjementet sitt, men stadfestar at den bokførte eit tap ifjor.
I reknskapen for 2013 bokfører banken tap på 22 milionar kroner. Etter det NETT NO har grunn til å tru skriv rundt halvparten seg frå tap på hotellengasjementet.
Takka nei
Haddal Røssevoll eigde Regius Holding saman med familien Overaa og Magnus Fjørtoft. Ingen av dei andre aksjonærane ville vere med vidare.Haddal Røssevoll tek over heile selskapet. Ho vil ikkje opplyse vilkåra, men seier banken blir med som vidare långivar.
Lange forhandlingar
Banken og eigarane av Regius Holding har brukt lang tid på å forhandle seg fram til ei løysing, og finne ein modell for vidare drift av hotella.Hotellkonsulent Stein Åge Hære vart innleigd i august ifjor, og har jobba med planane sidan.
Han trur banken og Haddal Røssevoll har funne ein modell som vil gå godt:
- Satsing forretnings- og kurs og konferansemarknaden først og fremst, mellom anna med vekt på meir langsiktig avtalar.
- Utvikling av hotella som møteplass og arrangør av private arrangement for folk på Hareid og i Ørsta.
- Utvikling av tilbod mot turistmarknaden for å utnytte kapasitet i lågsesongen.
Tøffe tider
- Den økonomiske situasjonen har vore vanskeleg, sa tidlegare styreleiar Svein Tømmerdal i hotellselskapet Regius Holding då NETT NO skreiv om forhandlingane ifjor. (sjå relaterte saker)Regius Holding hadde 2,7 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot på minus 6,1 millionar kroner etter skatt i 2012. Gjelda var 26 millionar kroner.
Ørsta
Hotelleiendom, der banken var medeigar, hadde ei gjeld på 55 millionar kroner ved utløpet av 2012. Selskapet har positiv eigenkapital, men gjekk med underskot dei tre siste åra. I 2012 var underskotet før skatt på 1,1 millionar kroner.
Vi femna om litt for mykje
Publisert: 27.02.2014 13:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31