- Barreras har brukt våre pengar på andre prosjekt
Spanske Barreras har kansellert kontrakten med Havila Kystruten. No kan partane kome til å møtast i retten i London.
Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll stadfestar overfor NETT NO at selskapet har mottatt det han meiner er ei urettmessig kansellering på kontrakten om bygginga av dei to skipa ved konkurstruga Hijos de Barreras i spanske Vigo.
- Vi ser på dette som eit grep som Barreras gjer for å posisjonere seg i forkant av ei eventuell likvidering av verftet, seier Myrvoll.
Ifølgje den spanske avisa Faro de Vigo kan partane kome til å møtast i London Court ettersom det er strid om store erstatnings- og garantisummar.
- Lite å frykte
Myrvoll seier at kontraktane er inngått under britisk jurisdiksjon, og eventuelle tvistar skal handsamast i England.
- Vi har gode garantiordningar, og forventar å få ut dei pengane vi har rett på, seier Myrvoll.
Faro de Vigo nemner at det blant anna er strid om ei garantiutbetaling på 22 millionar euro.
- Eg kan ikkje stadfeste noko tal no, men vi har lite å frykte ved ei eventuell rettssak, seier Myrvoll, som fryktar at ein eventuell rettstvist vil vare i lang tid.
- Vi snakkar fort fleire år, og det er sjølvsagt ikkje heldig, seier Myrvoll.
- Har betalt det verftet skulle ha
Totalt har dei to kontraktane frå Havila Kystruten ein samla verdi på over 200 millionar euro, men arbeidet ved Barreras stoppa opp i august etter at verftet kom i akutte økonomiske problem.
Verftsleiinga har tidlegare skulda Havila Kystruten for å ha bidrege til dei likviditetsmessige utfordringane. Dette reagerer Myrvoll sterkt på.
- Vi har hatt finansieringa i orden, og betalt til verftet det vi skulle betale.
- Derimot har vi grunn til å tru at deler av våre pengar har vorte brukte til å delfinansiere andre prosjekt.
Ritz-Carlton vil overta
Blant anna har verftet under bygging det kombinerte cruiseskipet/luksusyachten Evimra for amerikanske Ritz-Carlton, eit skip som også er sterkt forseinka, og der prislappen undervegs har auka kraftig.
No er planen at Ritz-Carlton vil overta verftet for å gjere dette skipet ferdig, men Ritz-Carlton vil ifølgje Faro de Vigo ikkje påta seg noko ansvar for å gjere skipa Havila Pollux og Havila Polaris til Havila Kystruten ferdig.
Bygginga av desse to skipa er heller ikkje kome særleg langt, og berre dei nederste seksjonane er bygde.
Dialog med fleire verft
No vurderer Havila Kystruten å byggje dei to søsterskipa ved eit anna verft.
- Vi har i lengre tid arbeidd med alternative løysingar, og innhenta pristilbod og tilbod på leveringstidspunkt frå fleire verft.
- Det er fleire verft som har ledig kapasitet og som er klare til å starte bygginga så fort vi trykker på knappen, seier Myrvoll.
Han seier at det ikkje er aktuelt å forlenge skipa, slik Barreras foreslo for å løyse vekt- og djupneproblema. Barreras foreslo å forlenge skipa med ni meter, slik at skipa vart 131 meter lange i staden for 122 meter.
Vil bruke meir aluminium
Dette skulle gjerast for at skipa ikkje skuille stikke for djupt i Riserenna og eit par av dei 34 hamnene langs norskekysten.
- Nei, vi skal ha same designet som vi opphavleg hadde, seier Myrvoll.
Han seier at ein vel same løysinga som ved det tyrkiske Tersan-verftet, der søsterskipa Havila Capella og Havila Castor vert bygde, to skip som er i rute.
- Som ved Tersan, kjem vi til å ha aluminium i staden for stål i dei øverste etasjane. Det løyser vektproblematikken.
Maks eitt år utsetjing
Myrvoll opplyser også at ein har bra oversikt over ledige skip som selskapet må leige inn når Havila Kystruten startar å trafikkere strekninga Bergen – Kirkenes 1. januar 2021.
- Der er fleire aktuelle skip ledige, og i samråd med Samferdsledepartemetet skal vi finne gode erstatningsløysingar.
Han seier at det ikkje vert utsetjing i meir enn eitt år.
- Nei, ingen av verfta vi har dialog med har lenger leveringstid enn 24 månader.
Les også:
https://www.nett.no/Nettno/Overskriftene/Utvalgte-saker/Havila-Kystruten-byter-truleg-byggjeverft
https://www.nett.no/Nettno/Overskriftene/Saevik-I-verste-fall-maa-vi-starte-fraa-nytt-av
https://www.nett.no/Nettno/Overskriftene/Her-er-skipa-i-rute-men-aluminium-erstattar-staal
https://www.nett.no/Nettno/Overskriftene/Havila-Kystruten-avviser-finansieringsproblem
https://www.nett.no/Nettno/Overskriftene/Dramatisk-ved-Havila-Kystrutens-spanske-verft
Det er fleire verft som har ledig kapasitet og som er klare til å starte bygginga så fort vi trykker på knappen
Publisert: 27.11.2019 15:57
Sist oppdatert: 06.07.2022 13:17