Nytt
Batteri på tre Island Offshore-skip
Reiaralaget investerer 60 millionar kroner for å spare drivstoff.
18.08.2020
Plattformforsyningsskipa Island Crusader, Island Contender og Island Commander vil redusere drivstoff-forbruket med 12-15 prosent når batteripakkane er på plass, anslår administrerande direktør Tommy Walaunet.
Tilsaman kostar batteripakkane frå Kongsberg Maritime reiarlaget omlag 20 millionar kroner per skip. Skipa er leigd ut på langsiktige kontraktar til Lundin Energy Norway.
Poenget med batteripakkar er å spare energi ved å la motorane som går på fossil energi dure og gå på jamt turtal, medan ekstra kraft blir henta frå batteriet til elektromotorane når det trengst. Frå før har Island Offshore eitt farty, Island Clipper, med batteripakke installert.
- Totaldagraten forsvarar at vi gjer investeringa, seier Walaunet til NETT NO.
Batteripakken gjer at reiarlaget også kan koble seg til landstraum ved kai, eller bruke batteria så langt dei rekk om det ikkje er landstraumanlegg på kai.
Satsinga på batteri skjer i samarbeid med Lundin.
- Lundin har hatt alle desse fartøya på langtidskontrakt tidlegare, så dei kjenner fartøya våre godt. At dei no er villige til å vidareutvikle fartøya saman med oss viser at dei tek miljøansvaret på alvor, og vil redusere miljøfotavtrykket sitt. Dette er ein viktig prioritet også for oss som rederi, seier Walaunet i ei pressemelding..
Island Crusader gjekk på kontrakt 04.juli, og skal vere støtteskip for riggen West Bollsta, medan Island Contender skal vere støttefartøy for Rowan Viking frå våren 2021. Island Commander er allereie på kontrakt for Lundin, og skal halde fram med å støtte boreaktiviteten på Edvard Grieg slik ho gjer i dag. Den nye treårsperioden for sistnevnte fartøy tek til i november. Island Commander og Island Contender vil få installert batteri før dei tek til på sine respektive kontraktsperioder, i følgje pressemeldinga.
Tilsaman kostar batteripakkane frå Kongsberg Maritime reiarlaget omlag 20 millionar kroner per skip. Skipa er leigd ut på langsiktige kontraktar til Lundin Energy Norway.
Poenget med batteripakkar er å spare energi ved å la motorane som går på fossil energi dure og gå på jamt turtal, medan ekstra kraft blir henta frå batteriet til elektromotorane når det trengst. Frå før har Island Offshore eitt farty, Island Clipper, med batteripakke installert.
Betre rate
I marknaden for offshoreskip er det leigetakaren, i dette tilfellet Lundin, som betaler drivstoffkonstnaden, og dermed får innsparingsgevinsten. Island Offshore må dermed hente ut gevinsten ved å få bedre betalt for å leige ut skipet, og det meiner Walaunet at reiarlaget har klart.- Totaldagraten forsvarar at vi gjer investeringa, seier Walaunet til NETT NO.
Batteripakken gjer at reiarlaget også kan koble seg til landstraum ved kai, eller bruke batteria så langt dei rekk om det ikkje er landstraumanlegg på kai.
Samarbeid med Lundin
Batterikontainerar er plasserte på mezzanindekk bak styrehuset, slik at dekkskapasiteten ikkje vil verte råka.Satsinga på batteri skjer i samarbeid med Lundin.
- Lundin har hatt alle desse fartøya på langtidskontrakt tidlegare, så dei kjenner fartøya våre godt. At dei no er villige til å vidareutvikle fartøya saman med oss viser at dei tek miljøansvaret på alvor, og vil redusere miljøfotavtrykket sitt. Dette er ein viktig prioritet også for oss som rederi, seier Walaunet i ei pressemelding..
Island Crusader gjekk på kontrakt 04.juli, og skal vere støtteskip for riggen West Bollsta, medan Island Contender skal vere støttefartøy for Rowan Viking frå våren 2021. Island Commander er allereie på kontrakt for Lundin, og skal halde fram med å støtte boreaktiviteten på Edvard Grieg slik ho gjer i dag. Den nye treårsperioden for sistnevnte fartøy tek til i november. Island Commander og Island Contender vil få installert batteri før dei tek til på sine respektive kontraktsperioder, i følgje pressemeldinga.
Publisert: 18.08.2020 11:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01