Batterikontrakter til Havila
BATTERI: Havila Foresight må få installerte batteri for å oppfylle krav frå Statoil. Blir utleigd i tre år.
Nytt

Batterikontrakter til Havila

Statoil leiger to Havilaskip i tre år. Krev at det blir installert batteri.

10.12.2020
Plattformforsyningsskipa "Havila Charisma" og "Havila Foresight" må sette inn batteri og montere utstyr for å koble på straum når skipa ligg ved land.
Poenget med batteri og landstraum er å redusere drivstoff-forbruket og redusere utslepp av klimagass og anna forureining.
Batteri og landstraum er ein del av vilkåra Statoil har sett for å forlenge leigeavtalen for dei to skipa, skriv selskapet i ei børsmelding.

Opsjon på tre år til

Dei to skipa har vore utleigd til Statoil og er no utleigd vidare, til slutten av 2020. Statoil har opsjon på å forlenge leiga i inntil tre år til. Partane opplyser ikkje leigeprisen.
«Avtalene understreker begge selskapers ambisjoner om å være i front når det gjelder mer miljøvennlige løsninger. For vår del er vi klare til å gjøre flåten mer miljøvennlig,» seier administrerande direktør Njål Sævik i Havila i ei pressmelding.

Batteri og for SolstadFarstad

SolstadFarstad melde i går at selskapet har leigd ut plattformforsyningsskipet "Far Searcher" i fem år, men opsjon på ytterlegare fem.

Også den kontrakten har som vilkår at det blir sett inn batteri i skipet.

Halv milliard spart

Statoil har spart omkring ein halv milliard kroner, og redusert utslippa med nærare 30 prosent, ved at fartøyene har redusert drivstofforbruket. Batterikravet skal vere med å å redusere drivstoffforbruket ytterlegare.
Avtalane med Havila Shipping og SolstadFarstad er dei første der Statoil krev batteri i båtane.

Publisert: 10.12.2020 14:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11