Jan Christian Vestre foto Terje Kristiansen
NÆRINGSMINISTER: Jan Christian Vestre (A) gjer denne veka to endringar i kompensasjonsordninga til næringslivet. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Bedrifter kan gi bort mat og drikke utan tap

Koronaramma bedrifter kan no gi bort varer til velgjerande føremål og samtidig få kompensasjon.

NPK
23.12.2021

(NPK-NTB-Anja Ariel Tørnes Brekke): Næringsministeren gjer denne veka to endringar i kompensasjonsordninga til næringslivet.

Bedrifter som blir ramma av smittevernrestriksjonar, kan no gi bort matvarer som elles må kastast, og framleis få kompensert for tapet.

– Dette vil først og fremst berøre restaurantane som har valt å stengje heilt som følgje av skjenkestoppen, og som sit igjen med varer dei elles ville ha omsett i jula, men som no går ut på dato. No kan dei gi bort matvarene og likevel bli kompenserte 100 prosent for tapet, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til NTB.

Då ordninga sist vart innført i februar, måtte bedriftene kaste varene.

Må gå til velgjerande formål
Føresetnaden er at bedriftene må gi varene til eit velgjerande formål, og næringsministeren oppmodar til å gi varene til dei som treng det mest.

Oslo Slumstasjon, som blir drive av Frelsesarmeen, har allereie fylt opp kjøleskap, frysar og hyllar med mat frå stengde restaurantar.

– Lagera våre var tomme i går, det er dei ikkje no. Det er godt nytt for veldig mange menneske, seier leiar ved stasjon, Irene Mathisen.

Ho fortel at dei opplever auka pågang frå personar som er permitterte og som slit med å få endane til å møtast.

I fjor var det 15.137 husstandar som vende seg til organisasjonen for å få hjelp til jul, opplyser kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen, Geir Smith-Solevåg.

– Vi opplever stor pågang mange stader i landet som følgje av pandemien. Prisauke på mat, straum og renteauke bidreg òg til at dei som levde marginalt, ikkje får det til å gå rundt, seier Smith-Solevåg.

Øl kan òg givast bort
Dersom utestader har øl som går ut på dato, kan ein òg gi dette bort, men næringsministeren håper ikkje det blir nødvendig.

– Ordninga er meint for å redusere matsvinn. I prinsippet kan òg øl omfattast, men drikke har lengre haldbarheitsdato, og vi håper jo at skjenkestoppen ikkje blir langvarig, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Kan søkje støtte berre for éin månad

Kompensasjonsordninga til næringslivet er òg justert slik at bedrifter kan søkje kompensasjon for november eller desember åleine, og ikkje berre for ein tomånaders periode, slik ordninga først la opp til.

– Det er ei ganske stor endring av søknadssystemet som vi gjer etter innspel frå bedriftene, seier næringsministeren.

Publisert: 23.12.2021 14:21

Sist oppdatert: 23.12.2021 14:24