rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Bedriftsleiar dømt til fengsel for svindel

Forfalska fakturaer slik at feil selskap fekk pengane.

Marius Rosbach
19.01.2023

Ein bedriftsleiar frå Sunnmøre er dømt til fengsel i eitt år og tre månader for grovt økonomisk utroskap og for oppbevaring av narkotika. Det kjem fram i ein dom frå Møre og Romsdal tingrett torsdag.

Tre månader av straffa er på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Feil selskap fekk pengane
Mannen har vore eigar og styreleiar i feire selskap – som også har gått konkurs.

I forkant av den eine konkursen forfalska han 15 fakturaer for i overkant av éin million kroner. Det førte til at feil selskap fekk betalt pengane.

Har er også dømt for oppbevaring av amfetamin, kokain, GHB og hasj.

Han skal ikkje hatt personleg vinning av svindelen, og begge dei involverte selskapa er konkurs. I ettertid har mannen betalt inn kring 400.000 kroner som delvis dekker tapa til kreditorane.

Fortalde at han var desperat
Mannen erkjente forholda i retten. Han fortalde at han forstod at det var galt å fabrikkere fakturaene, men at han var desperat etter å halde verksemda i gong.

Forsvararen bad om at klienten fekk samfunnstraff, men retten peiker i dommen på at allmennpreventive omsyn, tilseier fengselsstraff. Forholda blir rekna som grove på grunn av storleiken på beløpet og fordi mannen misbrukte tilliten han hadde frå selskapet som ikkje fekk pengane dei hadde krav på.

Mannen blei frikjent for at han bevisst hadde skifta namn på selskapa sine, for å forvirre kundane.

Publisert: 19.01.2023 17:48

Sist oppdatert: 19.01.2023 17:56

Mer om