Beloenning til leiarane
EIGAR: Banksjef Trond Nydal i Sparebanken Møre eig grunnfondsbevis for over 900.000 kroner. Nydal og sju andre i leiargruppa har nettopp fått tildelt fleire grunnfondbevis etter gode resultat i 2014. I november ifjor vart det delt ut grunnfondsbevis til alle tilsette.
Nytt

Belønning til leiarane

Sparebanken Møre deler ut 2521 grunnfondsbevis for over 600.000 kroner til leiarane. Til saman er dei tilsette femte største eigar.

11.03.2015
Etter det gode resultatet i 2014 er det fleire av leiarane i Sparebanken Møre som blir belønna med grunnfondsbevis som bonus for innsatsen. (Sjå kven som får i slutten av artikkelen).
Grunnfondsbevistildelinga er knytt til resultatmål for kvar einskild, i følgje administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand.

Gevinst til alle

Den siste runde med tildeling skjedde til kurs 243 kroner. I dag blir grunnfondsbevis i Sparebanken Møre handla til 245 kroner, så nett no har leiarane som fekk grunnfondsbevis i siste runde også fått ein ekstra gevinst på tildelinga si.
Reglane for tildelinga er slik at leiarane kan selje ein tredjepart av dei tildelte grunnfondsbevisa etter eitt år, neste tredjepart året etter og først står fritt til å selje alle etter tre år.
Også i november 2014 delte banken ut grunnfondbevis, basert på gode tal.
Då fekk heile arbeidstokken 41.961 grunnfondsbevis på deling, til kurs 220 kroner pr. grunnfondbevis. Då var verdien av den tildelinga 9,2 millionar, no er den 10,2 millionar kroner.
Til saman eig dei tilsette 252.632 grunnfondsbevis, og er samla sett femte største eigar av grunnfondbevis i banken, i følgje Fiskerstrand.

Tildelinga av grunnfondsbevis til alle i november slo også ut i fordelinga til leiande tilsette og styremedlemer.

Sterk vekst på børsen

I starten av september 2012 vart eitt grunnfondsbevis i Sparebanken Møre verdsett til under 148 kroner pr. grunnfondsbevis. Etterpå har det stort sett gått oppover, med ein førebels topp på 243 kroner pr. grunnfondsbevis mandag 9. mars.
Banken har levert gode resultat i fleire år på rad, og har fleire gongar understreka at den meiner Norddvestlandet vil sleppe nokså billeg unna konsekvensane av nedturen i oljeprisen, mellom anna fordi næringslivet i området har fleire bein å stå på enn oljefylka lenger sør.

Dette får leiarane

Antal grunnfondsbevis tildelt. (Antal grunnfondbevis kvar einskild eig etter tildelinga står i parantes)
Trond Nydal, banksjef personmarked: 617 (3929)
Idar Vattøy, banksjef økonomi, risikostyring og personal: 412 (3036)
Perdy Lunde, banksjef forretningsutvikling: 206 (2933)
Erik Røkke, banksjef kreditt og juridisk: 206 (2682)
Terje Krøvel, banksjef næringsliv Sunnmøre: 514 (2525)
Runar Sandanger, banksjef Treasury & markets: 257 (2347)
Kjell Brudevoll, banksjef næringsliv Søre Sunnmøre: 206 (1687)
Kolbjørn Heggdal, banksjef næringsliv Nordmøre og Romsdal: 103 (335)

Publisert: 11.03.2015 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42