Ber bedrifter foelge spelereglane
STENGT: Kitch'n ved Amfi Ulsteinvik  - og meir enn 200 butikkar i interiørkjeda landet over - fekk onsdag beskjed frå kjedeiegarane om å stenge butikken midlertidig. Kent Logan Jelle (innfelt) i Møre og Romsdal Handel og Kontor ber arbeidsgjevarar følgje råd frå organisasjonane sine. NETT NO påpeiker at kritikken frå forbundet, ikkje er retta mot butikken i Ulsteinvik. 
Nytt

Ber bedrifter følge spelereglane

No stenger også butikkar som følgje av koronakrisa. Handel og Kontor i Møre og Romsdal er kritiske til korleis fleire bedrifter permitterer tilsette. Sjekk tal for alle kommunar.

Marius Rosbach
19.03.2020
(Oversikt - sjå kor mange som er permittert i kommunane på Nordvestlandet under saka)
Butikk- og ulike serviceyrke er mellom dei som er verst ramma av permitteringar i næringslivet som følgje av koronapandemien.
Tal som kom denne veka frå NAV, viser at arbeidsløysa i Møre og Romsdal har. Onsdag var det kome inn 3378 nye søknadar om dagpengar frå folk som er permitterte denne veka.

Les også:



Held ikkje å henge opp ein plakat

Handel og Kontor mottek no mange førespurnader frå sine medlemmer som treng hjelp. Kent Logan Jelle er nestleiar for LO-forbundet i Møre og Romsdal og fortel at dei får mange meldingar om bedrifter som ikkje følgjer regelverket.
– Det største problemet for våre medlemmar no, er at mange får varsel som ikkje er formelt gyldige. Nokre heng til dømes berre opp ein plakat. Det er ikkje godt nok for dei tilsette, som treng eit personleg dokument i møte med NAV, fortel Jelle til NETT NO.
Han trur mykje av årsaka er at mange bedrifter som permitterer i desse dagar, aldri har vore borti noko slikt før – og ikkje kjenner reglane.

Ber bedrifter følgje spelereglane

Nestleiaren har ei bøn til bedrifter om å ta kontakt med arbeidsgivarorganisasjonane - som Virke og NHO – som har lagt ut informasjon om korleis prosessen skal gjerast.

– Det hadde letta mykje i dette arbeidet, men mange hoppar bukk over dette, fortel han.
Om dei permitterte ikkje har nødvendige papir når dei tek kontakt med NAV, skapar det gjerne unødig frustrasjon og heft – for alle partar.
– Mange er redd for at dei ikkje vil få lønn, eller har fått rett varsel frå arbeidsgjevarane, fortel han.

Fleire permitterer på dagen

Jelle er heller ikkje nøgd med at fleire bedrifter permitterer folk på dagen, og minner om at det i utgangspunktet er 14 dagars varsel som gjeld.
– Verken LO eller NHO har til dømes gått ut og sagt at fristen er redusert til to dagar. Vi meiner det er viktig at ein held seg til 14-dagarsfristen.
Per no samlar dei inn dei ulike tvistane mellom bedrifter og tilsette, og vil sjå på om ein kan rydde opp i etterkant.
– Dei som permitterer folk på dagen, vil garantert få krav eller merknadar i etterkant, seier han.

– Mange slit økonomisk

Mangel på informasjon på ulike språk er også eit problem mange møter.
– Ein del utanlandske arbeidstakarar fekk litt panikk og reiste heim då grensene til heimlandet deira stengde – men dei er ikkje blitt permitterte. Deira situasjon er uklar, og mange slit økonomisk, fortel han.

Les også:


Mange spørsmål om lærlingar

Fagforeininga får også mange spørsmål om lærlingar. Om bedrifta må ty til permitteringar skal dei i utgangspunktet bli omplassert til andre bedrifter – men Jelle erkjenner at det er vanskeleg no.
– Med dei siste tiltaka som kom, er dei iallfall sikra noko lønn, men dei som har tent mindre enn 75.000 kroner må til dømes ta kontakt med NAV for å finne ut om dei får noko utbetalt, fortel han.
Det er heller ikkje heldig om lærlingane får utsett læretida, og får forseinkingar i utdanningsløpet.

Les også:






Oversikt permitterte i kommunane på Nordvestlandet

Kommune I alt Veke 11 Veke 12


Totalt 3234 585 2647
Ålesund 1251 232 1019
Stryn 239 34 205
Kinn 218 38 180
Ørsta 204 32 172
Giske 174 33 141
Sula 156 31 125
Herøy 155 37 118
Volda 134 24 110
Ulstein 120 24 96
Stad 110 19 91
Sykkylven 83 12 71
Hareid 80 17 63
Stranda 75 19 56
Gloppen 75 5 70
Vestnes 73 11 62
Fjord 49 9 40
Sande 24 8 16
Vanylven 14 * 12

Publisert: 19.03.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54