Iselin Nybø skal delta på to nettmøte, først med næringslivet i Vanylven, deretter med næringslivet på Hareid.
Begge møta varer ein knapp time, der Nybø er bedt om å kommentere fleire problemstillingar knytt til koronaepidemien og tiltaka mot den.
Størst spenning er truleg knytt til kva ho vil seie om eventuelle tiltak for skipsverfta og andre maritime bedrifter, der det er frykt for ordretørke og inntektstap.
I ei oppdatert prognose frå Menon Economics, på oppdrag frå Maritimt Forum, blir det anslått at driftsinntektene til maritime bedrifter i Noreg vil gå ned frå 449 milliardar kroner i 2019 til 335 milliarder i 2022.
Så langt har det ikkje kome spesielle støttetiltak for maritim industri etter at korinaepidemien kom, og næringen håpar mellom anna på nybyggingskontrakter til verfta frå forsvaret og kystvakta.
Nybø får også spørsmål om det er råd å kombinerer permittering med bedriftsintern opplæring, korleis delvis permitteringar kan fordelast på heile arbeidsstokken, vilkår for enkeltmannsforetak og personleg drivne verksemder som misser inntekter og om Vanylven får behalde dagens lave sats for arbeidsgivaravgift.

Publisert: 29.04.2020 16:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56