Utsleppfri Geirangerfjord kostar 600 millionar
Det må investerast 600 millionar kroner for å få utsleppfri skipstrafikk i Geirangerfjorden. Fylket vil at staten skal betale.
- Utan nødvendig omstilling vil vedtak om nullutslepp få alvorlege verknader for nærings- og samfunnsliv i Geiranger og for heile regionen, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på nettsida si.
For nå målet om utsleppsfri skipsfart på Geirangerfjorden frå 2026 må det mellom anna byggast kraftliner for å få fram straum, investerast for å handtere meir trafikk på veg og anlegg for kloakkhandtering.
Til saman er det snakk om investeringar opp mot 600 millionar kroner, i følgje berekningar som er gjort av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom prosjektet "Omstilling av Geirangerfjorden verdsarvområde med omland".
Vil ikkje ta rekninga
Rekninga for å gjere Geirangerfjorden utsleppsfri vil ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og næringslivet i området ta åleine.
- Verdsarvområdet har ikkje åleine dei finansielle ressursane som skal til for å klare denne omstillinga. Her vil statlege bidrag vere nødvendig, seier fylkesordfører Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal på nettsida.
Stortingsvedtak
Stortinget bestemte i 2019 at mellom andre Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri i 2026. Det betyr mellon annan at skip på diesel eller tungolje som drivstoff ikkje får segle inn i fjorden.
Torve argumenterer med at det er urimeleg at rekninga for denne omstillinga skal berast lokalt "på vegne av heile Norge som reisemål".
Publisert: 07.06.2021 15:15
Sist oppdatert: 07.06.2021 15:49