Ber om ekstraordinaert moete
LAGT NED: Ulstein vidaregåande skule (bilde) er mellom skulane som blei råka av innsparingane. Frank Sve (innfelt) meiner kutta må gjerast om.
Nytt

Ber om ekstraordinært møte

Frank Sve (Frp) ber fylkestinget reversere kutta på dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal, og vil ha utsett søknadsfristen for å starte opp att yrkeslinjer frå hausten.

Marius Rosbach
26.02.2020
Denne veka kom det fram at Møre og Romsdal fylkeskommune fekk eit driftsresultat på drygt 313 millionar kroner i fjor. Samtidig fekk fylkespolitikarane klar beskjed frå administrasjonen i haust, at dei måtte kutte i kostnadane mellom anna til vidaregåande skuler.
Frank Sve (Frp) meiner fylkespolitikarane no må gjere om innsparingane dei gjorde, og starte opp att fleire nedlagde yrkeslinjer allereie frå hausten.
– Vi må utsette og reversere desse kutta på dei vidaregåande skulene. Når ein gjer ei slik blemme, må ein vere villig til å endre på det, seier Sve til NETT NO.

– Har definitivt dei pengane disponible

Frp var også motstandar av innsparingane før jul. Sve er klar på at dette er pengar dei har til rådigheit.
– Vi har definitivt dei pengane disponible, og vil ta opp dette i fylkestinget i april. Når ein ventar eit overskott på kring 35 millionar, og endar opp med 313 millionar, er det klart at vi har råd til å reversere desse kutta, seier han.
Sve har også varsla at dei vil ta opp auken på ferjetakstane.

Vil ha utsett frist

Norsk Lektorlag uttalte til Romsdals Budstikke tysdag at dei ville ha allereie no til hausten – ei knapp veke før søknadsfristen går ut 1. mars.
Sve meiner det er vanskeleg å få til – men ikkje umogleg.
– Eg vil skrive til fylkesordføraren no og be Tove-Lise Torve om å kalle inn til eit ekstraordinært møte i fylkesutvalet så snart som mogleg. Vi kan ha eit telefonmøte og utsette fristen for elevar som ønsker å søke på desse linjene, til fylkeskommunen har fått på plass tenestene som skal til, seier han.
Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) framover, gjer at ho meiner kutta var nødvendige - og at overskotet vil kome godt med til å løyse dei oppgåvene. Saman med dei andre samarbeidspartia, har Ap fleirtal i fylkestinget.

Les også:


Ber for YSK og IB-linjene

Også Maritim Foreining for søre Sunnmøre (Mafoss) og Maritimt Forum Nordvest ber om at politikarane gjer ei ny vurdering av kutta ved dei vidaregåande skulane.
I onsdag ber dei politikarane sikre at både YSK (yrkes- og studieførebuande kompetanse) ved Ulstein vidaregåande og IB (International Baccalaureate) ved Spjelkavik vidaregåande blir starta opp att frå skuleåret 2021/22.
– Det er viktig at det kjem eit tydeleg signal om at desse linjene blir starta opp att seinast neste haust. Om overskottet på 300 millionar kroner stemmer, så har dei pengar til disposisjon, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd til NETT NO.

Synspunkt:


Fleire linjer lagt ned

Også i Fræna, Kristiansund blei det fjerna yrkeslinjer gjennom vedtaket i fylkestinget i fjor, og Vanylven-avdelinga ved Herøy vidaregåande blei lagt ned.
Næringslivsorganisasjonane peiker på at nedleggingane går på tvers av målsettinga om å «understøtte regionensitt behov for kompetanse og arbeidskraft innenfor en bærekraftig økonomi», slik det heter i fylkeskommunens egne overordna planar.

Les også:




Publisert: 26.02.2020 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53