Ber om klarsignal fraa obligasjonslaangivarane
Nytt

Ber om klarsignal frå obligasjonslångivarane

Hexagon Composites må ha långivarane med på å skille ut hydrogensatsinga.

17.11.2020
Børsnoterte Hexagon Composites gjer eit nytt forsøk på å få eigarane av eit obligasjonslån på 1,5 milliarder kroner med på å skille ut og børsnotere datteselsskapet Hexagon Purus.
Hydrogensatsinga i Hexagon Composites er samla i Hexagon Purus, som lagar drivstofftankar og -system for hydrogendrivne bilar, lastebilar, bussar, tog og skip. Planen er at Hexagon Compositets skal vere største eigar i Hexagon Purus og at Hexagon Composites-aksjonærane får tildelt aksjar i Hexagon Purus i samband med at selskapet blir skilt ut som eige selskap og børsnotert.

Den største verksemda til Hexagon Composties er å lage drivstofftankar og -system for naturgass, medan forventningane til komande vekst i hydrogenmarknaden truleg er den viktigaste årsaka til kursveksten i selskapet.

Sa ikkje ja

For å gjennomføre utskillinga og børsnoteringa av Hexagon Purus må også obligasjonslångivarane seie ja.
I oktober kom Hexagon Composites med eit framlegg til vilkår og korleis transaksjonane skulle gjennomførast. Det fekk ikkje den oppslutninga som var naudsynt og no kjem Hexagon Composites med eit nytt framlegg.

Obligasjonslångivarane skal ta stilling til framlegget innan 2. desember i år. Eigarane av over to tredjepartar av lånet har allereie sagt at dei støttar framlegget, som er nok til at det blir vedtatt.

907 millionar

I august henta Hexagon Composites inn 907 millionar kroner i ny eigenkapital, som ein del av førebuingane til å skille ut og børsnotere Hexagon Purus.

Ein halv milliard kroner av pengane som kom inn skal finansiere starten av Hexagon Purus som frittståande selskap, resten skal inngå i finansieringa av Hexagon Composites.

Under 50 prosent

I framlegget til obligasjonslångivarane skriv Hexagon Compositets at selskapet i utgangspunktet skal eige over 50 prosent av Hexagon Purus ved børsnotering, men at det blir opna for at eigarandelen kan bli mindre seinare.
I samband med utskillinga kan dagens eigarar i Hexagon Composites få tildelt inntil 15 prosent av aksjane i Hexagon Purus, mot 25 prosent i det opphavlege framlegget.
Begge deler bidrar til eit meir spreidd eigarskap, som i følgje Hexagon Compositets er ein fordel for eigarane.

Publisert: 17.11.2020 09:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05