Fredric Holen Bjørdal
Bør selskap som delte seg i to før rett før koronakrisa vere diskvalifisert frå koronastøtte spør Fredric Holen Bjørdal.
Nytt

Ber om koronastøttesvar

Omorganiseringar i Havila-hotella rett før koronakrisa diskvalifiserte dei frå koronastøtte. Fredric Holen Bjørdal (Ap) tek saka opp i Stortinget.

27.03.2021

1. januar 2020 blei hotella i Havila Gruppen delt i eigedomsselskap og driftsselskap.

Den fisjonen - delinga - gjorde at hotellselskapa i Havila Gruppen ikkje blei omfatta av støtteordningane som blei innført då koronakrisa kom i mars, og mykje av inntektene til reiselivbedriftene forsvann.

Selskap som har vore overdragar eller overtakar i ein fisjon 1.1.20 eller seinare, ikkje omfatta av tilskotsordninga til bedrifter med stort inntekstfall.

Bekymra for 2021
Gunther Dahler, som leier reiselivsverksemda i Havila Gruppen, er bekymra for at hotellselskap til selskapet også i år er diskvalifisert frå å søke om på dei støtteordingane som finst, på grunn av delinga av hotellselskapa 1. januar 2020.

Hotella er Raftevold Hotel i Hornindal, Geiranger Hotel i Geiranger, Hotell Ivar Aasen i Ørsta og medeigarskap i Thon Hotel i Fosnavåg.

Ber om politiske hjelp
Dahler er frustrert over at ei omorganisering som blei gjort tidleg i 2020, før koronakrisa, og som ikkje endra på det reelle eigarskapet til hotella, skal slå negativt ut også i år.

Han har bedt stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal om å vurderer saka. Fredric Holen Bjørdal (Ap), som sit i finanskomiteen og representerer Møre og Romsdal har sendt eit skriftleg spørsmål til finansminister Jan Tore Sanner.

Svaret er ikkje kome enno. Dette er spørsmålet:

"I tilskotsordninga for føretak med stort omsetningsfall er føretak som har vore overdragar eller overtakar i ein fisjon 1.1.20 eller seinare, ikkje omfatta av tilskotsordninga. Det synest strengt at ein fisjon som er forretningsmessig begrunna og gjennomført før 12.3.20, til dømes for å avgrense risiko mellom verksemdsområde, skal vere grunn nok til å avskjere eit føretak frå tilskotsordninga når vilkåra elles er oppfylte.
Har regjeringa grunn til å tru at føretak bevisst og illojalt fisjonerer seg inn i tilskotsordninga med det føremål å auke tilskotet, eller vil regjeringa lempe på dette kravet, særleg for å kome i møte dei føretaka som gjennomførte lenge planlagde fisjonar 1.1.20 utan tanke for pandemien?"

Havila Holding eig 33,34 prosent av aksjane i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.


Publisert: 27.03.2021 15:36

Sist oppdatert: 08.04.2021 10:30