Ber om meir stoette til Hovden
MINUS: Konsekvensen av politiske vedtak om kommersialisering og auka avgifter gjorde at det var ulønsamt å flyge mellom Ørsta/Volda og Oslo allereie før koronakrisa kom, fortalde Widerøesjef Stein Nilsen på folkemøtet om flyplassen i dag.
Nytt

Ber om meir støtte til Hovden

Widerøe overlever ikkje ved å drive så mange ruter som i dag. 

28.08.2020
Widerøe-sjef Stein Nilsen vil ha meir statstøtte mellom anna til rutene til og frå Ørsta/Volda Lufthamn Hovden
Flygingane til og frå Ørsta/Volda har ikkje vore lønsame i dei fem åra han har leia selskapet, sa Stein Nilsen på folkemøtet om rutetilbodet og framtida for flyplassen fredag.
Etter kvart har det blitt tyngre og tyngre. Grunnen er politiske vedtak om å ta bort statstøtta og gjere rutene til og frå Oslo kommersielle, og deretter auke avgiftene i fleire omgangar. Avgiftene svekka resultatet for Widerøe sine kommersielle ruter med 220 millionar kroner i året, ifølgje Nilsen.
På toppen av dette kom koronaepidemien i år, og etterspørselen etter flyreiser krympa kraftig.
No går det ikkje lenger å flyge med tap, ifølgje Nilsen. Han ventar eit underskot på ein kvart milliard kroner i år, og det bør ikkje bli større.
- Vi har ikkje dei pengane som skal til for å finansiere rutene i augneblinken. Då kjem ikkje Widerøe til å overleve, sa Nilsen.

Mobiliserer for flyplassen

Widerøe har varsla kutt i rutetilbodet til og frå Ørsta/Volda, ned til berre ei dagleg direkterute mellom Oslo og Ørsta/Volda. På det meste var det seks daglege flygingar mellom Oslo og Ørsta/Volda.
Folkemøtet i regi av Utviklingsforumet for flyplassen ved samfunnshuset i Ørsta fredag er ein del av ei mobilisering for å oppretthalde eit betre rutetilbod.

Kom med tre innspel

Nilsen sitt framlegg for å oppretthalde rutetilbodet til og frå flyplassen var tredelt:
Støttetiltaka som kom for å oppretthalde rutetrafikken med fly etter at koronaepidemiene - som går ut i oktober i haust - må forlengast inntil vidare.
Deretter må flyrutene mellom Ørsta/Volda og Oslo tilbake til andbodssystemet der staten er med på å betale for trafikken, slik dei var før våren 2016.
Også må flyavgiftene reduserast.
- Hadde vi hatt danske rammebetingelsar så hadde vi hatt eit godt tilbod på Hovden, sa Nilsen.

Avgjerande for etablering

- Utan Widerøe hadde ikkje vi begynt dette her i Ørsta, sa dagleg leiar Hogne Halleråker i selskapet Arctic Nutrition om kva rutetilbodet til frå flyplassen si betydning for selskapet sine planar om å bygge ein legemiddelfabrikk i Ørsta,
Han var ein av fleire frå næringslivet på søre Sunnmøre som talte for å oppretthalde rutetilbodet.

Arctic Nutrition er i ferd med å teste produkt basert på silderogn som eit middel for å dempe symptoma for hudsjukdopmen psoriasis, og et blitt medlem i bransjeforninga for legemiddelbedrifter.
Vi har ikkje dei pengane som skal til for å finansiere rute i øyeblikket . Då kjem ikkje Widerøe til å overleve

Publisert: 28.08.2020 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02