Ber om plan for cruise og parkering
KULTURHAMNA: Slik har arkitektar sett føre seg at Sørsida-bydelen i Ålesund kan bli. Høgre-politikar Monica Molvær (innfelt) vil også ha ein plan for cruise og parkering i samband med utbygginga. 
Nytt

Ber om plan for cruise og parkering

Nye føringar på utviklinga av Sørsida i Ålesund.

Marius Rosbach
04.02.2021
Formannskapet i Ålesund har vedteke fleire nye føringar for utviklinga av sørsida i byen, ifølgje ei pressemelding frå kommunen.
Hovudgrepet er framleis å utvikle den nye bydelen er det tidlegare omtala konseptet med kulturhamna.
To tilleggspunkt frå Monica Moldvær frå Høgre går no som oversendingsforslag, som administrasjonen skal jobbe vidare med.

Vil ha plan for bruk av hamna

Det eine forslaget går på å lage ein plan for korleis utbygginga på Sørsida kan harmonisere med cruisenæringa og aktiviteten i hamna i dag.
– Det må lagast ein plan i tett samarbeid med Ålesund hamnevesen og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre om servicefunksjonar, sal av sightseeing og opplevingar, oppstilling av busser, gjestetrafikk, m.m., heiter det i .
Molvær la også til eit forslag om å lage ein plan for korleis parkeringsplassane som forsvinn, skal erstattast.

Reknar med ny vidaregåande skule

Politikarane i formannskapet ventar at Møre og Romsdal fylkeskommune legg vidaregåande undervisning for estetiske fag til eit nytt bygg her – slik målet er med tidlegare vedtak. Dei påpeiker også i vedtaket at FN sine berekraftsmål skal vere styrande, ifølgje til kommunen.
Sørsida er et område det er knytt stor spenning til og i løpet av det siste året er Sørsida Utvikling etablert, som skal få fart på utviklinga.

Les også:


Bybadet:


Haagensen:



Publisert: 04.02.2021 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14