Ber om tiltak for aa fylle kassa
GOD SOMMAR: Sommaren har blitt langt betre enn frykta for reiselivet i Nordfjord, mellom anna for gondolen i Loen, men næringlivet i regionen vil likevel han fleire tiltak som sikrar at næringslivet kjem seg gjennom koronaepidemien.
Nytt

Ber om tiltak for å fylle kassa

Næringshagane, -stiftingane og kommunane i Nordfjord ber om nye tiltak som skal sikre at bedriftene ikke går tome for pengar.

19.08.2020
I eit felles innspel til det regjeringoppnemde utvalet som skal gir råd til korleis regjeringa skal halde næringslivet i gang under koronaepideminen ber næringsliv og kommunar i Nordfjord om å prioritere tiltak som sikrar at bedriftene har nok pengar i kassa.
"Det er eit faktum at eit selskap døyr av ikkje å ha likviditet til å betale sine løpande forpliktelsar. Det hjelp ikkje med høg eigenkapital og soliditet om det ikkje er likvider i selskapet.", skriv dei i eit felles innspel til utvalet.

Svart hol

Dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage har ført innspelet i pennen.
Han seier til NETT NO at spesielt næringslivet i Stryn vart hardt råka då koronaepeidemine kom.
- I starten vart det eit svart hol, seier Hjellbakk.

Håpar på gjennomslag

Så langt har det gått betre enn frykta. Både varehandel og reiseliv fekk ein fantastisk sommar, sjølv om spesielt cruistrafikk-avhengige bedrifter har hatt ein svært dårleg sesong. Industrien har i liten grad blitt råka, men uvissa no er utviklinga framover og håpet er at utvalet og regjeringa skal lytte til innspela frå Nordfjord.

- Sjansen for å få gjennomslag er klart større enn om ein ikkje seier frå, seier Hjellbakk.
Blant tiltaka Nordfjordmiljøet vil ha er kutt i formuesskatten og skattefritak for å bygge opp reserve- og investeringsfond i bedriftene.

Publisert: 19.08.2020 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01