Berekraft er ogsaa loensamt
ÅLESUND: Thina Saltvedt oppmoda under eit frukostmøte i Nordea til å tenke meir berekraft og grøn energi, og meinte at dette på sikt også ville vere mest lønsamt.
Nytt

- Berekraft er også lønsamt

Thina Saltvedt meiner at satsing på berekraft og grøne løysingar ikkje berre er nødvendig. Det er også lønsamt.

20.03.2019
Det fastslo Saltvedt under eit frukostmøte i Nordea i Ålesund onsdag.
Ho viste blant anna til undersøkelsar over utviklinga av ei rekkje børsnoterte selskap sidan 2012.
- Det er for tidleg å konkludere bastant, men dei selskapa som skårar best på berekraft, har også hatt den beste utviklinga.

- Overveldande respons

Etter ti år som oljeanalytikar hoppa Saltvedt av, og starte å jobbe med berekraft og grøn energi i Nordea.
Ho seier at responsen har vore overveldande.
- Eg hadde meir å gjere i fjor enn eg nokon gong hadde som oljeanalytikar, ei heller då oljeprisen kollapsa i 2014.
- Svært mange er opptatt av å lære meir om berekraft.

Fokus på sosial avkastning

For eit 30-tals tilhøyrarar under frukostmøtet fortalde Saltvedt om store endringar i kapitalstraumane basert på berekraft og satsing på grøne løysingar.
Blant anna har Blackrock, verdas største investeringsfond sagt at deira investeringar ikkje berre skal gi økonomisk avkastning, men også sosial avkastning.
- I tillegg fastslo Blackrock at dersom ein ikkje hadde fokus på berekraft, så ville ein på sikt heller ikkje ha god avkastning på investeringane.
Saltvedt viste til korleis det har gått med verdien på kolselskapa, der kursane har stupt.
- Dette kan fort skje også med andre selskap.

- Ta ungdomen på alvor

Men ho trudde også at det fort ville kome lover og reguleringar som ville få stor effekt på global økonomi og endra verdsetjingar av selskap.
- Her kan det fort verte store konsekvensar.
Saltvedt var spesielt opptatt av klimaendringar, og oppmoda salen om å ta på alvor dagens ungdom som no streikar for miljøet.
- Desse ungdomane skal snart røyste, og dei kjem til å legge sterke føringar for den framtidige utviklinga.

Prisar inn berekraft

Ho viste til at fleire forsikringsselskap allereie har starta å vurdere klimarisiko ved sine forsikringar, og at fleire bankar kjem etter og tilbyr betre finansiering til kundar som har eit godt fotavtrykk.
- Ein får rett og slett billegare lån om ein kan dokumentere at ein er grøn.
- Det er kjempespennande å sjå korleis marknaden er i ferd med å prise inn berekraft og grøn profil.
Saltvedt rosa satsinga på grøn shipping og grønt havbruk, der Norge er langt framme. Her meinte Soltvedt at Norge burde vere verdsleiande, og også vere eksportør av nye teknologisk løysingar.
Ein får rett og slett billegare lån om ein kan dokumentere at ein er grøn

Publisert: 20.03.2019 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32