Berga trafikkstasjon i foerste omgang
FORNØGD: Anders Rise (H), Anne Sølvi Vatne (H), Arild Iversen (Krf) og Hans Petter Myklebust (Frp) meiner tenestetilbodet til Statens Vegvesen sin trafikkstasjon i Ørsta no er er berga. Lena Landsverk (V) har og vore med på arbeidet med å berge trafikkstasjon-tilbodet og er med på den felles pressemeldinga dei fem har sendt ut. 
Nytt

Berga trafikkstasjon i første omgang

Transport- og kommunikasjonskomiteen ber Regjeringa å ikke legge ned eller reduserer tenestretilbodet på trafikkstasjonane.

25.01.2021
Vedtaket i Stortingets transport- og kommunikasjonskomiteen betyr at trafikkstasjonen til Statens Vegvesen i Ørsta er berga, skriv Anders Riise (H), Hans Olav Myklebust (Frp), Lena Landsverk Sande (V), Arild Iversen (Krf) og Anne Sølvi Vatne (H) i ei felles pressemelding.
Framlegget om på flytte ein del tenester til andre trafikksstasjonar er møtt med protestar frå næringslivsrepresentantar og politikarar på søre Sunnmøre. Det som ikkje lenger skulle blir gjort i Ørsta var oppkøyring til førarkort for moped og motorsykkel, kontroll av eigenimporterte briuktbilar og av ombygde landbrukskøyretøy og bilar. Om dette blei kutta ville det gjere at mange brukarar fekk vesentleg lenger og meir tidkrevande reisar, til Ålesund, Nordfjordeid eller Førde, for å få oppgåvene gjort.

No har regjeringspartia, saman med Frp, blitt samde om at alle kuttplanar skal leggast på is inntil storparten av tenestene kan blir utført utan at det er naudsynt med oppmøte.
Dette er fleirtalsvedtaket i Transport- og kommunikasjonskomiteen:
"Stortinget ber regjeringen avvente planlagte nedleggelser eller reduksjoner av tjenestetilbud ved trafikkstasjonene. Eventuelle strukturendringer skal ikke gjennomføres før man har på plass gode løsninger som gjør at behovet for fysisk oppmøte er varig redusert, eksempelvis som følge av digitalisering, og ikke får store negative konsekvenser for folk og næringsliv."

Publisert: 25.01.2021 12:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13