Berre Pluss i minus
TILBAKEKJØP: Jan Egil Flo (t.h.) og Simen Staalnacke hadde stor suksess med Moods of Norway i fleire år. Etter konkursen kjøpte dei tilbake varelageret. 
Nytt

Berre Pluss i minus

Underskot for Moods of Norway-grunnleggarar i fjor.

22.07.2020

Etter konkursen i 2017 kjøpte Moods of Norway-grunnleggarane Jan Egil Flo og Simen Staalnacke, og ei gruppe tilsette, tilbake klesmerket og varelageret frå konkursbuet gjennom selskapet Retail Drift as.

Målet var å selje ut varelageret og bygge opp att Moods of Norway-varemerket. Både i 2017 og 2018 hadde Retail Drift god lønsemd, men i fjor fall driftsinntektene og selskapet enda med 27,4 millionar kroner i minus. Nedgangen var venta, skriv selskapet i årsmeldinga for 2019, etter at salet av varelageret frå Moods of Norway var ferdig i 2018.

Les også: God start etter konkurs

Også Berre Pluss, som eig 69 prosent av aksjane i Retail Drift, enda i minus i fjor. Berre Pluss er eigd av Jan Egil Flo og investerer også i eigedom, verdipaoir og kunst. Berre Pluss var gjeldfritt ved årsskiftet, Retail Drift hadde ei kortsiktig gjeld på 5,7 millionar kroner.

Nye konkurs-kjøp
Kjøpet av Moods of Norway-buet var det første av fleire.

I april i år kjøpte Retail Drift buet etter butikkkjedene Brandstad og Wagnerbutikkane, og Jan Egil Flo var også med då Ricco Vero-grunnleggar Finn Einar Kvamme kjøpte tilbake buet etter konkursen i Ricco Vero.

Les meir:

Moods of Norway-grunnleggar kjøper nytt konkursbo

Ny Ricco Vero-start for Kvamme

Hausten 2019 var Flo kjøpar av varelageret etter konkursen i Superdry-konkursane.


Publisert: 22.07.2020 16:16

Sist oppdatert: 20.06.2021 22:24