Berre spa avdelinga staar att
BRANN: Selje hotell er totalskadd etter brann i natt.
Nytt

Berre spa-avdelinga står att

Brannvesenet trur dei kan redde spa-avdelinga. Resten av Selje hotel er truleg tapt. 37 er evakuerte.

25.11.2016
Det melder fredag morgon.
På heimesida til hotellet vert det opplyst at hotellet er vinterstengt frå 1. november til 1. mars. I denne perioden vil ein ha renovering av roma med nye senger på alle rom og nye fargar på roma.

Både Selje, Vågsøy og Vanylven brannvern deltek i sløkkinga. Fleire omkringliggjande bygningar er evakuerte.

Varsla 03:38

Det var ein nabo som varsla Alarmsentralen om brannen klokka 03:38 natt til fredag.
Ifølgje har kommunen no engasjert kriseteamet som mellom anna vil hjelpe dei evakuerte med frukost på skulen.

- Eit ikon

Ifølgje NRK er Selje-ordførar Stein Robert Osdal ved branntomta i morgontimane fredag.
– Dette er berre trist. No står eg og ser på brannen og romfløya har gått tapt og det er store røykskadar i kjøkken og etesal. Dette er eit skikkeleg ikon i Selje, som har gått tapt, seier han.
Selje hotell vart frå 1976 til 2014 drive av Gerd Kjellaug og Harald Berge. Dei selde då hotellet til Akcay-familien frå Stockholm. Familien flytta til Selje for å drive hotellet vidare.

Les meir:


Publisert: 25.11.2016 08:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04