Berre ein av hundre bedrifter forsikra mot dataangrep
NYT NAMN: For å gjere forsikringa meir forståeleg for kundane, har Eika endra namnet på produktet frå cyberforsikring til dataangrepforsikring. Trond Anders K. Fossum i Eika undrar seg likevel over at interesse for å sikre seg, ikkje er større. 
Nytt

Berre éin av hundre bedrifter forsikra mot dataangrep

– Vi forstår at mange tenkjer at «dette skjer ikkje oss», men vi har dessverre mange døme på det motsette, fortel Trond Anders K. Fossum i forsikringsselskapet Eika.

Marius Rosbach
29.01.2020

Forsikring mot dataangrep er framleis lite nytta i næringslivet. Trond Anders K. Fossum frå forsikringsselskapet Eika vitja onsdag frukostmøte om temaet hos Tussa. Produktsjefen for næringslivsmarknaden viser til tal som fortel at berre kring éin av hundre bedrifter har teikna slik forsikring.

– Vi stussar litt over desse tala. Vi forstår at mange tenkjer at «dette skjer ikkje oss», men vi har dessverre mange døme på det motsette, seier han.

Ofte tilfeldige kven som blir angripe
Til NETT NO fortel Fossum at interessa er aukande – men han meiner den framleis for låg, sett i høve til risikoen. Samtidig påpeiker han at dei bedriftene som gjerne treng det mest, fordi dei er dårleg sikra – ikkje er interesserte.

Mange bedrifter trur at dei ikkje er utsett for dataangrep fordi dei er små, eller ligg utanfor allfarveg. Fossum kan fortelje at det er ei misforståing.

– Det har ingenting å seie kvar bedrifta held til, eller kva bransje dei er i. Angrepa er ofte tilfeldige og skjer fordi nokon er sårbare, fortel han.

Underleverandørar utsett
Det er ikkje tvil om at dataangrep brer om seg, og ofte er det underleverandørar og mindre firma som er utsett. Årsaka er at det gjerne er her svindlarar og datasnokarar finn svakheiter.

Ei tilbakemelding frå deltakarane på frukostmøte var at det framleis er ei stor pedagogisk oppgåve og få kundar til å forstå kvifor it-tryggleik er viktig.

– Det er dessverre litt typisk at ei bedrift først forsikrar seg etter at det har skjedd ei hending, seier Fossum.

I 2017 var det registrert kring 5000 faktiske angrep og meir enn 20.000 forsøk her til lands.

Les mer: Berre tre av 60 i salen hadde øvd på datatryggleik

Datakrimjeger: – Jeg tror absolutt alle kan bli lurt

Telenor-topp: – Viktig å vite hva slags risiko man utsettes for


Publisert: 29.01.2020 12:00

Sist oppdatert: 24.09.2021 10:46