I dag driv Bertel O. Steen Møre og Romsdal verkstad for yrkes-og privatbilar og forhandlar bilmerket Citröen i Furene i Volda.
I løpet av første kvartal skal alt flyttast til den tidlegare Grepa-fabrikken på Mosflata i Ørsta, der det også blir sal av Mercedes.
Med forhandlar også i Ørsta ventar dagleg leiar Geir Vatnehol at selskapet skal lokke nye kundar frå søre Sunnmøre, som no kan reise ferjefritt til forhandlaren.
- Vi ser på distriktet som veldig attraktivt. Det er eit stort område, seier Vatnehol.
Han trur selskaep vil klare å oppretthalde salet frå avdelinga i Ålesund, og samstundes auke salet til kundar på søre Sunnmøre.
- Vi har tru på at dette vil gi oss ein veldig grei boost, seier han.
I 2016 fekk banken ein avtale om sal til Landbruksmaskin-forhandlaren Eiksenteret, som flytta inn i deler av bygget og satsa på å leige ut resten.
I løpet av første kvartal skal alt flyttast til den tidlegare Grepa-fabrikken på Mosflata i Ørsta, der det også blir sal av Mercedes.
Fleire kundar
I dag sel Bertel O. Steen Møre og Romdal Mercedes frå butikkane i Ålesund og Molde.Med forhandlar også i Ørsta ventar dagleg leiar Geir Vatnehol at selskapet skal lokke nye kundar frå søre Sunnmøre, som no kan reise ferjefritt til forhandlaren.
- Vi ser på distriktet som veldig attraktivt. Det er eit stort område, seier Vatnehol.
Han trur selskaep vil klare å oppretthalde salet frå avdelinga i Ålesund, og samstundes auke salet til kundar på søre Sunnmøre.
- Vi har tru på at dette vil gi oss ein veldig grei boost, seier han.
Fullt hus
Komfyrfabrikken Grepa la ned produksjonen i Ørsta i 2008 og bygget hamna hos långivaren, Sparebank 1 Søre Sunnmøre.I 2016 fekk banken ein avtale om sal til Landbruksmaskin-forhandlaren Eiksenteret, som flytta inn i deler av bygget og satsa på å leige ut resten.
Publisert: 06.05.2019 12:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26