Fiskedisk usa foto norges sjomatrad
REKORD FØRSTE HALVÅR: Eksportverdien av norsk sjømat første halvår var rekordhøg, viser ferske tal. Foto: Norges Sjømatråd
Nytt

Beste halvår for eksport av sjømat

85 milliardar er den nye halvårsrekorden.

03.07.2025

(NPK-NTB-NETT.NO):  Noreg eksporterte sjømat for 13,2 milliardar kroner i juni i år, ein auke på 9 prosent frå same periode i fjor. Det vart samtidig ny halvårsrekord.

Så langt i år er eksportverdien av norsk sjømat 85 milliardar kroner, 4,6 milliardar kroner meir enn i dei første seks månadene i 2024. Det utgjer ein auke på 6 prosent.

Like mykje frå oppdrett og fiskeri 
Eksporten bestod i første halvår av 1,3 millionar tonn sjømat. 658 tonn kom frå oppdrett, medan 668 tonn kom frå fiskeri. Laks, som er det dominerande arten, hadde ei volumauke på 22 prosent. 

– Det første halvåret viser at norsk sjømateksport står sterkt, sjølv i møte med krevjande marknadsforhold og aukande handelshinder, seier Christian Chramer, administrerande direktør i Noregs sjømatråd.

– At me ser vekst i eksportverdien til sentrale marknader som USA, Kina og Storbritannia, stadfestar den høge tilliten til norske sjømatprodukt. Dette understrekar robustheita i verdikjeda og verdien av effektiv marknadstilgang og den langsiktige innsatsen til sjømatselskapa i prioriterte marknader, seier han.

Aureeksport veks kraftig
Laksen er lokomotivet i norsk sjømateksport og hadde ein auke på 3 prosent målte i verdi frå første halvår i fjor. Dette dreg opp verdien totalt.

– I tillegg har aureeksporten vakse kraftig, saman med langt meir verdifull makrell-, silde- og snøkrabbeeksport enn same periode i fjor, seier administrerande direktør Chramer.

Dei største marknadene for norsk sjømateksport i første halvår var USA, Polen og Kina. USA hadde størst verdivekst, med ein auke i eksportverdi på 38 prosent. 

Det vart eksportert sjømat til totalt 151 land i første halvår, ein auke på ti land.

Ti største artane
Dette er dei ti største artane i eksportverdi (med endring frå i fjor i parentes): 

  • 1. Laks: 57,8 milliardar kroner (+3 prosent)
  • 2. Torsk: 6,8 milliardar kroner (uendra)
  • 3. Aure: 3,5 milliardar kroner (+20 prosent)
  • 4. Makrell: 2,3 milliardar kroner (+56 prosent)
  • 5. Sei: 2,2 milliardar kroner (+17 prosent)
  • 6. Sild: 2 milliardar kroner (+16 prosent)
  • 7. Snøkrabbe: 1,4 milliardar kroner (+100 prosent)
  • 8. Hyse: 1,2 milliardar kroner (+17 prosent)
  • 9. Reker: 964 millionar kroner (+28 prosent)
  • 10. Kongekrabbe: 583 millionar kroner (+70 prosent)

 

Publisert: 03.07.2025 08:20

Sist oppdatert: 03.07.2025 08:31

Mer om