– Samla sett vart 2024 svært positivt, og utsiktene for 2025 er endå betre. Det seier Hallvard L. Slettevoll i Stadt Group i Gjerdsvika i ei pressemelding samband med offentleggjeringa av årsmeldinga til Stadt, som er det viktigaste driftsselskapet i gruppa.
Stadt utviklar og lagar anlegg og system for bruk av elektrisitet til framdrift av skip. Lønsemda i 2024 er så langt den beste selskapet har hatt i si 40 år lange historie.
Stadt er eit prosjektbasert selskap der det naturleg er store svingingar frå eitt år til eitt anna. Ei del av forklaringa på den gode lønsemda i 2024 er tilbakeføring av avsetningar på prosjekt selskapet tidlegare vurderte som risikable, men som viste seg å bli vellukka, ifølgje Slettevoll.
Forsvarsmarknaden viktig
Forsvarsmarkanden er blitt betydeleg for Stadt Group. I 2022 etablerte selskapet Stadt Naval for å spisse satsinga mot forsvarsmarknaden ytterlegare, og ventar vidare vekst framover:
"Stadt Gruppa er invitert med i svært omfattande nasjonale og internasjonale militære prosjekt i desse dagar, og forventar ein sterk vekst i åra framover. Militære skip vil ha elektrisk framdrift no, og Stadt-teknologien innehar dokumenterte kvalitetar som er svært attraktive i marknaden no framover. Eit paradigmeskifte er i ferd med å utfolde seg, dreve fram av nye våpensystem som laser og elektrisk kanoner – såkalla Rail-guns. Desse brukar kun elektrisk energi for å skyte sine prosjektil. Stadt Naval presenterte si tilnærming til dette på den store internasjonale militærkonferansen CNE i Farnborough i vår, og fekk store internasjonal merksemd der," skriv Stadt Group i pressemeldinga.
Største eigar
Stadt Holding eig 94,7 prosent av aksjane i Stadt. Dagleg leiar Hallvard L. Slettevoll kontrollererer 36 prosent av aksjane i Stadt gjennom selskapet Slettevoll, som eig 95 prosent av aksjane i Stadt Holding.
Dei andre eigarane av Slettevoll er Kamilla Birgitte Slettevoll, Daniel Hjelle Slettevoll og Rudi Mikale Slettevoll.
I 2024 sysselsette Stadt 10 årsverk og som med vekst også i den sivile markanden ventar å auke bemanninga framover.
Publisert: 29.07.2025 13:04
Sist oppdatert: 29.07.2025 13:04






