Beste sjansen for arbeidssoekande sidan 2015
JOBBMESSE: Marknadskoordinator Oddvor Hovden for NAV-kontora på søre Sunnmøre og leiar Anders Norvald Hammer for NAV Hareid, Ulstein og Sande under jobbmessa i Herøyhallen.
Nytt

- Beste sjansen for arbeidssøkande sidan 2015

40 bedrifter stilte under jobbmessa i Herøyhallen tysdag. NAV meiner at dei arbeidssøkande har gode sjansar til å få jobb.

02.06.2020
- Vi har i dag den lavaste arbeidsløysa på søre Sunnmøre sidan 2015.
- Det er gode sjansar å få jobb for dei som no er på jobbjakt.
Det seier leiar Anders Norvald Hammer ved NAV i Ulstein, Hareid og Sande.

Jobbskifte

Arbeidsmessa tysdag hadde stor tilstrøyming av arbeidssøkande.
- Her er også enkelte som vurderer å skifte jobb, og som ser kva mulegheiter som finst, seier Hammer.
På plass var bedrifter som blant anna søkte etter elektrikarar, rørleggjarar, ingeniørar, reinhaldsarbeidarar, seljarar, bussjåførar, tømrarar, økonomifolk, målarar og betongarbeidarar.
- Arbeidsmarknaden er slett ikkje så verst no. Dette er beste sjansen for arbeidssøkande sidan 2015, seier Hammer.

Fall i ledigheita

NAV sine statistikkar viser at det 1. august i år var 2,8 prosent arbeidsledige på søre Sunnmøre.
Hareid låg høgast med 3,9 prosent, føre Herøy med 3,7 prosent.
Sande hadde 3,4 prosent, Ulstein 3,0 prosent, Volda 2,5 prosent, Ørsta 2,3 prosent og Vanylven 1,1 prosent.
Ved årsskiftet var det 3,2 prosent arbeidsledige på søre Sunnmøre.

Analyse:


Les også

:

Trur på betring

Hammer er ikkje så uroleg for at tala skal stige som følgje av problema på Kleven. I tillegg vart det nyleg kjent at Kongsberg Maritime skal redusere talet på stillingar, blant anna i Hjørungavåg.
- Vi er godt klar over at det er utfordringar i ein del bransjar, men vi har god tru på at dei tiltaka som vert gjorde på Kleven og i endre større bedrifter vil sikre arbeidsplassar for framtida.
- Samstundes eer det andre område av næringslivet som no går godt.

Rosar bedriftene

1. januar 2017 var den totale arbeidsløysa på søre Sunnmøre oppe i 4,5 prosent, der bpde Ulstein og Hareid låg over seks prosent.
- Det er svært gledeleg å sjå at vi no har ein mykje betre situasjon, seier Hammer.
Han rosar bedriftene som stiller opp på jobbmessa.
- Dette er viktig for alle arbeidssøkande, og det er også viktig at bedriftene viser fram kva som finst av tilgjengelege jobbar.

Les også:



Vi er godt klar over at det er utfordringar i ein del bransjar

Publisert: 02.06.2020 11:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40