Beste sommar nokon sinne
HEILOMVENDIG: Hotelldirektør Richard Grov i Hotel Alexandra i Loen gjekk i løpet av få veker frå å vere usikker om det blei hotellopning i år til å gi full gass og hente inn all ekstrahjelp han kunne. Sommaren har sikra at kosernet så langt i år har høgare inntekter enn på same tid i fjor. Konsernet omfattar mellom anna aksjemajoriteten i gondolbana Loen Skylift og restauranten på toppen.
Nytt

Beste sommar nokon sinne

- Det er så formidabelt at vi knip oss i armen, seier Hotel Alexandra-sjef Richard Grov om sommaren 2020.

17.07.2020
15. mars permitterte han alle 250 tilsette på grunn av koronatiltaka, og så seint som i starten av juni var han usikker på om hotella i Hotel Alexandra-konsernet skulle ha ope i det heile i år.
Men då styresmaktene 15. juni gav klarsignal til at hotellet kunne opne badeanlegget sitt tok det heilt av.
No er alle 250 som blei permitterte i full jobb og omlag 150 deltidstilsette for sommarsesongen er også henta inn. Hotell Alexandra har vore fullt sidan midten av juni og er det til inn i august. På sesonghotellet Hotel Loenfjord er det utleigd så mange rom som hotellet klarer å handtere med dagens bemanning og smittevernreglar.

Betre enn fjoråret

Trafikken i sommar har vore så stor at Hotel Alexandra-konsernet så langt i år har høgare inntekter enn i same periode i fjor, trass i nedstenginga på grunn av koronatiltaka. Først 8. juni opna hotellet for fullt.
Så langt i år er det berre norske gjestar på hotellet. Dei legg igjen meir pengar i hotellet og tilboda rundt enn utanlandske gjestar. Tilstrøyminga gir dermed ein dobbel positiv effekt for reiselivsbedriftene.
I tillegg er momsen på reiselivstenester redusert frå 12 til seks prosent til oktober i år.
- Det bidraget er uvurderleg, seier Grov.

Store investeringar

Driftsinntektene gjekk ned frå 229,5 til 226,3 millionar kroner for Hotel Alexandrea-konsernet i 2019. Talet på gjestedøgn fall med 3,6 prosent og resultatet før skatt fall frå 14,7 til 2,2 millionar kroner.
Både heilårsopne Hotel Alexandra og sesonghotellet Hotel Loenfjord hadde færre overnattingsgjestar i 2019 enn i 2018 viser årsmelding og reknskapen til Hotel Alexandra-konsernet for 2019.
Begge hotella går i pluss, medan datterselskapet Hoven Restaurant gjekk 1,9 millionar kroner i minus i fjor. Gondolselskapet Loen Skylift, der hotellet er største eigar, gjekk med 12 millionar kroner i overskot. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida)
Nedgangen i resultat før skatt skuldast delvis store investeringar både inne og ute konsernet sine selskap. I alt 93 millionar kroner vart bokført som investeringar i fjor, i tillegg til at ein del av arbeidet vart kostnadsført direkte.
- I ein kort periode var vi litt usikre på om vi hadde vald rett strategi, seier Grov om stemninga rett etter at koronatiltaka. Men oppgraderingane og oppussingane som sto att før sommarsesongen i år vart likevel fullført.

Publisert: 17.07.2020 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59