Beste året sidan 2015
Scan-Mar reduserte driftsinntektene i 2021, men hadde resultatmessig det beste året på seks år.
Ålesund-selskapet Scan-Mar eig selskapet Scanprod på Valderøya som produserer saltfisk og klippfisk.
I tillegg driv Scan-Mar i eigen regi import og eksport av fisk og fiskeprodukt.
I 2021 omsette konsernet for 228,6 millionar kroner, ned frå 241,5 millionar året før.
Resulatet før skatt enda på 12,9 millionar, opp 4,8 millionar frå 2020, og det beste resultatet sidan 2015.
Scan-Mar (konsern) | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 228,6 | 241,5 | |
Driftsresultat | 13,9 | 8,7 | |
Resultat før skatt | 12,9 | 8,1 |
Fleire tilsette
Scan-Mar opplyser i årsrekneskapen at konsernet har gått frå 31 til 38 tilsette.
Mesteparten av salet av fisk går til Sør-Amerika, med 191,3 millionar kroner av totalen.
Salet til Norge enda på 5,5 millionar i 2021, mot 14,6 millionar året. Scan-Mar selde i 2021 for 30,9 millionar i fisk til resten av Europa i fjor.
Utbyte
Arild Dag Gjøsund og Jon Ivar Roth med familie eig kvar 50 prosent av konsernet, som har ein samla eigenkapital på 108 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 8,3 millionar.
Eigarane kan for 2021 fordele eit utbyte på 7,0 millionar kroner.
Publisert: 27.05.2022 12:35
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27