Administrerande direktør Per Arne Edvarsen varslar eit "betydeleg" redusert resultat for Sykkylven Energi i år etter eit "ekstremt fall i kraftprisane i 2020", ifølgje 2019-årsmeldinga til det kommunalt eigde kraftselskapet.
Trass det svake resultatet som blir i år endra Sykkylven Energi ikkje på utbyttet etter 2019. Det blir på sju millionar kroner, same utbytte som etter 2018 og 2017. Det høgaste utbyttet Sykkylven Energi har betalt ut er 11 millionar kroner. Det vart gjort etter åra 2014-2016.
Selskapet produserte 52,5 GWh frå sine eigne kraftverk i fjor, like over gjennomsnittet på 51 GWh. Selskapet fekk betalt 38,66 øre per kWh.
I juni 2020 vart gjennomsnittleg pris i spotmarknaden 3,37 øre/kWh, i følgje Tussa sin siste månadsrapport om kraftmarkanden. Det er den lågaste prisen sidan år 2000 og så låg pris at det er på grensa til kva som må til for at det løner seg å produsere.
Trass det svake resultatet som blir i år endra Sykkylven Energi ikkje på utbyttet etter 2019. Det blir på sju millionar kroner, same utbytte som etter 2018 og 2017. Det høgaste utbyttet Sykkylven Energi har betalt ut er 11 millionar kroner. Det vart gjort etter åra 2014-2016.
Normalår
Sykkylven Energi eig og driv tre kraftverk, byggjer og driv fibernett og kraftnett, står for drifta av vatn- og avløpsanlegga til kommunen og driv renovasjonstenestene.Selskapet produserte 52,5 GWh frå sine eigne kraftverk i fjor, like over gjennomsnittet på 51 GWh. Selskapet fekk betalt 38,66 øre per kWh.
I juni 2020 vart gjennomsnittleg pris i spotmarknaden 3,37 øre/kWh, i følgje Tussa sin siste månadsrapport om kraftmarkanden. Det er den lågaste prisen sidan år 2000 og så låg pris at det er på grensa til kva som må til for at det løner seg å produsere.
Publisert: 15.07.2020 14:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59