Betre resultat med faerre tilsette
ÅLESUND: Resultatframgang for Sunnmørsposten med lokalaviser, som resultat av kostnadskutt og auka digitale inntekter.
Nytt

Betre resultat med færre tilsette

Polaris Media på Nordvestlandet har siste året 17 færre tilsette, men leverer betre resultat.

14.02.2018
Totalt er det no 187 årsverk i Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og lokalavisene som er lagde under desse to mediehusa. For eitt år sidan var talet 204.
Konsernet har gått gjennom eit omfattande effektiviseringsprogram, der ein no får effekt av nedbemanning og kostnadskutt.
I tillegg aukar dei reint digitale inntektene, både på abonnement og på annonser, medan inntektene på papir går vidare ned.

Lettare å selje digitalt

Dette går fram av for fjerde kvartal, der Polaris Media Nordvest auka inntektene i kvartalet frå 91,0 til 91,8 millionar kroner, og der driftsresultatet auka frå frå minus 11,6 millionar til pluss 7,6 millionar.
Konsernet opplyser at ein opplever at det er lettare å selje digitale produkt. Antal abonnentar i konsernet har auka med åtte prosent til 195.439, der den store framgangen kjem frå reint digitale abonnement.
Konsernavisene har no 44.711 reint digitale abonnentar, mot berre 23.878 for eitt år sidan.

Annonsesvikt

På annonsesida slit avisene framleis, men nedgangen vert bremsa av at også her er det vekst i annonser på nett. I fjerde kvartal var veksten på digitale annonser på 14 prosent, men dei samla annonseinntektene vart uansett reduserte med to prosent.
Konsernet har lukkast med å redusere driftskostnadene med totalt 53 millionar kroner på årsbasis, der fire millionar kom i fjerde kvartal.

Trur på papirfall

Polaris Media forventar at papiropplaget vil falle vidare i 2018, og ein har som mål å halde fram med effektiviseringsprogrammet.
Polaris Media Nordvestlandet AS består i hovudsak av mediehusa Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke samt distribusjonsselskapet Nordvest Distribusjon.
Under Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke ligg selskapa Fjordenes Tidende, Vikebladet Vestposten, Fjordingen, Sunnmøringen, Vestlandsnytt, Fjuken (74%), Vigga (59%), Fjordtrykk/Fjordabladet (59%), Dølen (50%), Møre-Nytt, Herøynytt, Stryn Radio, Driva og Åndalsnes Avis, samt radiostasjonen FM1 Molde.
Polaris Media har i februar 2018 inngått avtale om å verte majoritetseigar i Trønder-Avisa konsern med virkning frå årsskiftet.

Publisert: 14.02.2018 08:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18