Betring for Gjerdsvik bedrift
GJERDSVIKA: Bjørnar Kleiven og John Gjerde as satsar meir på netthande og utviklar nye produkt. Ventilen til høgre er nyutvikla og spesialtilpassa cruiseskip.
Nytt

Betring for Gjerdsvik-bedrift

Vil satse meir på marknadsføring og produktsal gjennom nettet.

21.07.2020
Etter svake resultat i 2017 og 2018, gjekk ventilprodusenten John Gjerde i Gjerdsvika nesten i balanse i fjor.
Første halvår i år var det beste på tre år.
- Ja, vi selde for rundt 10 millionar kroner i første halvår, og det såg lenge bra ut.
Det seier dagleg leiar Bjørnar Kleiven, som i 2017 kjøpte 30 prosent av selskapet.
Totalt har bedrifta 20 tilsette fordelt på produksjonsavdeling i latviske Saldus og sal, marknadsføring og produktutvikling i Gjerdsvika.
Bedrifta lagar ei rekkje ulike variantar av ventilar og filter under merkenamna Hide og Aero.
No skal produktutvalet aukast, og nyaste produktet er ein aluminimsstøypt ventil som er spesialtilpassa cruiseindustrien.
Han seier at sjølv om bedrifta har gode produkt, er det av og til vanskeleg å få innpass hos norske reiarar.
- Dette kjem ofte av at det er store pakkeløysingar på utstyr, der det ikkje alltid like lett for ein liten og sjølvstendig aktør å kome inn.
No ser Kleiven på andre salskanalar.
- Ja, vi har sett i gang eit prosjekt der vi ser på auka marknadsføring gjennom internett og etter kvart heile prosessen frå forespørsel, produktdokumentasjon og sal gjennom ei nettløysing.
- Vi er avhengige for å auke salet for å kunne ha ei sunn drift, seier Kleiven.
Etter ein god start på 2020, er han meir uroleg for resten av året, og ikje minst for 2021.
- Offshore og cruise er viktige marknader for oss. Her er det no nesten full stopp, og vi fryktar at det vil ta litt tid før marknaden kjem tilbake.
I tillegg til Kleiven, eig Maron Sandvik 30 prosent av bedrifta, medan den tidlegare daglege leiaren Roger Gjerde eig 40 prosent.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 15,7 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 2,4 millionar.

Publisert: 21.07.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59