Betring for Olav E Fiskerstrand
Etter tre tapsår på rad, snudde det i fjor for Fiskerstrand-bedrifta.
Olav E Fiskerstrand på Fiskerstranda selde i fjor fisk for 356,0 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 8,9 millionar kroner. I dei foregåande åra gjekk selskapet med tap. No ser styret lysare tider framover, går det fram av årsrapporten.
Olav E Fiskerstrand | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntketer | 356 | 325,7 | |
Driftsresultat | 10,3 | -2,2 | |
Resultat før skatt | 8,9 | -3,8 |
Høge råstoffprisar
Sula-bedrifta driv både med tørrfisk og klippfisk, i tillegg til innfrysing av sild, makrell, hestmakrell og lodde.
Styret viser til at det er høge råstoffprisar for kvitfisk, i tillegg til prispress i viktige marknader, noko som gir utfordringar. Derimot forventar ein framover å ha større aktivitet inn mot sild og makrell.
Selskapet hadde ved årsskiftet 17 fast tilsette, men der ein fyller opp med ekstra i dei hektiske periodane.
Eigenkapitalen er på 71,5 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 17 millionar.
Familiebedrift
Olav E Fiskerstrand er ei tradisjonsrik familiebedrift, som no har ti eigarar - alle med etternamn Fiskerstrand. Størst eigarpost har Geir og Ola Fiskerstrand - kvar med 15 prosent.
Eigarane kan no fordele eit utbyte på 4,5 millionar kroner etter fjoråret.
Publisert: 02.08.2022 11:00
Sist oppdatert: 02.08.2022 08:32