Eva Vinje Aurdal og Vebjørn Krogsæter foto marius
GJER VEDTAK I MARS: Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal og varaordførar - og tidlegare Haram-ordførar - Vebjørn Krogsæter, er mellom politikarane som skal ta stilling til saka 17. mars. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Betydeleg risiko» ved lausriving

Rapport viser konsekvensane av at Haram går ut av Ålesund kommune.

Marius Rosbach
10.02.2022

Torsdag kom BDO-rapporten som viser kva konsekvenser det kan få om Haram går ut av storkommunen.

– BDO si samla vurdering er at det vil vere ein betydeleg risiko knytt til å skilje Haram frå dagens Ålesund kommune, heiter det i konklusjonen frå rapportskrivarane.

Les rapporten her (ekstern lenke)

Den 37 sider lange rapporten bygger på økonomiske analysar, dokument, og intervju med leiarar i kommunen, tillitsvalde, folkevalde og representantar frå næringslivet. Det er også laga ein kortversjon som blir sendt ut til alle husstandar.

Konklusjonen bygger i hovudsak på fire argument:

  1. At det ikkje finst noko erfaringsgrunnlag for lausriving av kommunar her til lands etter 1977.
  2. At ei utskiljing truleg vil koste mellom 60 og 70 millionar kroner.
  3. At det er uklart i kva grad alle tenester kan vidareførast som i dag.
  4. At organisasjonen er trøytt av endring og har variabel motivasjon for meir omstilling.

Uro for slagkrafta til Ålesundregionen
BDO sine utrekningar tyder på at det sannsynlegvis ikkje vil bli gode økonomiske kår i ein nyetablert Haram kommune.

Dei viser óg til bekymring for at ei kommunedeling vil kunne dempe slagkrafta og utviklinga av Ålesundregionen. I tillegg til uro om meir sårbare fagmiljø, om desse blir splitta opp og fordelt i to kommunar. Konsulentselskapet viser også til at utskiljing av Haram vil avskjere Sandøy frå resten av Ålesund kommune.

Ei utskiljing vil samtidig kunne ha ein positiv effekt på lokaldemokratiet i Haram.

Skal avgjerast i midten av mars
BDO vil presentere rapporten i kommunestyret 17. februar og på eit ope, digitalt folkemøte 18. februar.

3. mars skal innbyggjarar over 16 år i gamle Haram kommune seie si meining i ei folkerøysting om saka.

Basert på kunnskapsgrunnlaget i rapporten, meiningsmålinga og den rådgivande folkeavstemminga skal kommunestyret 17. mars vedta om kommunen skal søke departementet om kommunedeling.

Saka blir oppdatert

Publisert: 10.02.2022 10:11

Sist oppdatert: 10.02.2022 10:44