20220425 095137
BRANN: Bygningskomplekset vert rekna som totalskada etter brannen nautt til laurdag. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Bilar og campinvogner gjekk med i brannen

Store skadar etter brann i lagerbygg i Herøy.

25.04.2022

Bygningsmassen vart totalskada under ein brann i eit stort lagerbygg ved Mjølstaneset i Herøy natt til laurdag.

Ifølgje lokalavisa Vestlandsnytt starta truleg brannen under reperasjon av ein bil inne i eine av lagerbygningane. Det oppstod brann i bilen, og brannen spreidde seg deretter til fleire andre deler av bygningskomplekset.

Herøy Brann og Redning fekk hjelp av brannvern frå nabokommunane for å sløkke brannen. Også redningsskøyta RS Idar Ulstein bidrog.

20220425 094844
SKADE: To bilar saman med takplater som har falle ned under brannen. Foto: Kjetil Haanes

Trettitals campingvogner
I bygningskomplekset var det lagra fleire privatbilar, båtar, bubilar og eit trettitals campingvogner.

Det er uklart kor mange av desse som er totalskada.

Ulmatec Baro held til i nabobygget, men brannen gjorde ikkje skade her.

Det brannråka bygget er eigd av Kings Bay, og Vestlandsnytt opplyser at kriminalteknikarar vil kome til staden for å gjere undersøkingar.

Publisert: 25.04.2022 10:15

Sist oppdatert: 25.04.2022 10:52

Mer om