Ørsta volda lufthamn
KONKURRANSE: Flyrutene mellom Ørsta/Volda og Oslo og Ørsta/Volda og Bergen er mellom dei som blir lagt ut på anbod. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Billigare makspris på kortbanenettet

Flyruter til Ørsta og Sandane mellom dei som no lysast ut.

27.04.2023

NPK-NTB/NETT NO: Drifta av ei rekkje sokalla FOT-ruter på Vestlandet, i Nord-Noreg og Trøndelag, blir lyst ut i ny konkurranse.

FOT-ruter er flyruter som får statstøtte. Maksimaltaksten på rutene blir halvert i dei nye avtalane.

Alle ruteområda i dei noverande avtalane blir vidareførte som FOT-ruter i denne utlysinga. I tillegg er to nye ruter inkluderte: flyruta Kirkenes–Tromsø og flyruta Stord–Oslo, skriv Samferdselsdepartementet.

Ørsta/Volda og Sandane
Blant flyrutene som blir lyst ut er flyruten mellom Ørsta/Volda og Bergen, mellom Ørsta/Volda og Oslo og mellom Sandane og Oslo og Sandane og Bergen. Anbodsperidoen er frå 1. april 2024 til 31. oktober 2027.

Det er Widerøe som flyg desse rutene i dag.

Auka kapasitet
– Regjeringa følgjer med dette opp målet vårt i Hurdalsplattforma om lågare prisar på kortbanenettet. Med dei nye avtalane vil folk og næringsliv i distrikta få betre tilgang til andre delar av landet og verda. Dette er bra for busetjing og næringsliv, og for å skape vekst og utvikling i regionane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Samferdselsdepartementet ventar at lågare prisar vil føre til fleire reisande. Derfor er setekapasitetskrava på rutene auka med 12 prosent i snitt. Samtidig er det stor uvisse om korleis dette vil påverke etterspurnaden.

Tilbodsfristen er sett til 27. juni 2023.

Publisert: 27.04.2023 14:47

Sist oppdatert: 27.04.2023 17:17

Mer om