Selje Kloster foto Ogne
Ruinane etter Selje kloster ligg på øya Selja i Stad kommune. No vurderer kommunen om det skal kunne leggjast eit oppdrettsanlegg utanfor øya. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Biskop vil ikkje ha oppdrettsanlegg ved «heilag» øy

Bjørgvin-biskopen fryktar planane om oppdrett ved øya Selja i Stad. – Få i vår tid har Jesu evner til å mette 5.000 menneske med to fisk, svarer ordføraren.

NPK
06.04.2021

NPK-NTB: – Det vil utvilsamt forstyrre den visuelle horisonten rundt øya og dermed òg kunne øydeleggje noko av den unike opplevinga ein kan få der, skriv Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug i eit brev til Stad kommune, ifølgje Fjordenes Tidende.

Brevet er sendt i samband med ei høyring om kommunedelplanen for sjøareala rundt øya Selja. Der er eitt av spørsmåla er om det skal opnast for oppdrettsanlegg utanfor øya.

Pilgrimsmål
På Selja ligg ruinane etter Selje kloster, som truleg vart bygt rundt år 1100, på staden der Noregs einaste kvinnelege helgen, Sankta Sunniva, vart funnen.

Biskop Nordhaug peikar på at øya er ein av dei viktigaste heilage stadane i Noreg og at ho er eit pilegrimsmål for mange.

Til NRK seier Nordhaug at ein her har ein konflikt mellom næringsinteresser og tidlause, åndelege verdiar.

Venstreordførar baserer seg ikkje på under
Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) minte, i ein humoristisk tone, om at ein ikkje lever av ånd åleine.

– Eg håpar kyrkja har forståing for at svært få i vår tid har Jesu evner til å mette 5.000 menneske med berre to fisk. Vi er i Noreg i 2021 nøydde til å ha eigna areal til å lage mat både på sjø og land, utan å støtte oss på at det skal skje ved eit mirakel, seier Bjørlo til NRK.

Publisert: 06.04.2021 16:13

Sist oppdatert: 06.04.2021 15:44