Eit forhandligsutval som representerer både tidlegare og potensielt nye eigarar av skianlegget på Bjorli har levert eit nytt bod til konkursbuet i Bjorli Skisenter. Det seier Jon Ketil Gjørtz, som i dag var ein av dei som hadde møte med Sparebanken Møre.
Bjorli Skisenter gjekk konkurs med 40 millionar kroner i gjeld. Banken er størst kreditor etter konkurs og har pant i anlegget.
Eit tidlegare bod frå investorgruppa vart avvist av banken, men etter møtet i dag har investorgruppa sendt eit oppjustert bod med nye element til bustyrar og med kopi til panthaver, ifølgje Gjørtz. Han seier banken har antyda at det kjem eit svar på bodet i starten av komande veke.
Utan løyve
Etter konkursen i selskapet Bjorli Skisenter i starten av mai har Statens Jernbanetilsyn trekt attende driftsløyva for skiheisane og -trekka på Bjorli.
Bjorli Skisenter var selskapet som eigde og dreiv skianlegget i Lesja - medrekna heiser og trekk.
Ein evetuell kjøpar av anlegget må mellom anna betale for arbeidet som må gjerast for å få driftsløyva attende, slik at anlegget kan opne igjen når skisesongen startar til hausten.
Skulle bygge ut Bjorli
Bjorli er eit populært hytteområde både for folk frå Ålesund- og Moldeområdet, mellom dei kjente personar frå næringslivet i regionen.
Gjennom selskapet Bjorli Utvikling ville dei utvikle Bjorli til ein større skidestinasjon, mellom anna ved å få etablert hotell, serveringsstadar og butikkar, samt inntil 1200 nye fritidsbustadar. Spesielt hotell er viktig, for å trekkje til seg besøkande også midt i veka.
Utan eit skianlegg i drift er det vanskeleg å sette desse planane ut i livet.
Har over 70 aksjonærar
I selskapa Bjorli Utvikling og Bjorli Skisenter Holding - som eigde Bjorli Skisenter - er det i stor grad dei same personane som sit som eigarar.
Bjorli Utvikling har over 70 aksjonærar. Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringsselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane.
Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar.
Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest.
Publisert: 06.06.2025 16:16
Sist oppdatert: 06.06.2025 16:16






