Bjoerdal klar for ny utviding
VEKST: Storaksjonær og dagleg leiar Bjørn Meek har nesten dobla arbeidstokken i P E Bjørdal i løpet av dei to siste åra, og reknra med å søke etter meir folk i løpet av våren.
Nytt

Bjørdal klar for ny utviding

Planlegg nybygg for 25-35 millionar og vil ha fleire tilsette.

06.02.2020
PE Bjørdal auka driftsinntektene frå 77 millionar kroner i 2018 til rundt 100 millionar kroner i fjor, i følgje dagleg leiar og storaksjonær Bjørn Meek.
Selskapet har dobla talet på tilsette i løpet av to år og har no i underkant av 60 på lønningslista. Dagens produksjonshallar og kontorlokale i Hovdebygda i Ørsta er blitt for små, og selskapet er i gang med å planlegge ei utbygging til mellom 25 og 35 millionar kroner.
Den utvidinga betyr også investering i meir utstyr, men Meek vil førebels ikkje seie noko om kor stor utstyrsinvesteringa blir.
Selskapet levere anlegg og utstyr til fiskerinæringa, både på land og til havs, til oppdrettsnæringa og til bygg og anlegg.

18 millionar

PE Bjørdal (som skifta namn fra Bjørdal Industrier i 2017) er nettopp i ferd med å fullføre eit investeringsprogram på 18 millionar kroner. Det omfattar nytt produksjonsutstyr og eit system der konstruksjonsteikningar også blir kobla rett til maskinene i produksjonshallen slik at selskapet sparer ei runde med programmering og gjer produksjonsprosessen meir automatisk og robotisert.
Meek seier selskapets eigne tilsette i stor grad har utvikla systemet, og ventar at det vil gradvis blir tatt meir og meir i bruk i løpet av 2019.

Rekordtjukk ordrebok

Også ordreinngangen har vore rekordhøg, og selskapet har arbeid over eitt år fram i tid.
Etter fleire tilsetjingar i fjor treng selskap litt tid til å tilpasse arbeidsstokken, men Meek utelukkar ikke at det kan bli nye utlysingar, både etter produksjonsarbeidarer, ingeniørar/konstruktørar, alt i løpet av våren i år.
Meek tok over som majoritetseigar i 2017, etter at Bjørdalfamilien selde seg ut. I dag eig han 59,5 prosent av aksjane i Meso Invest, som eig 87,3 prosent i P E Bjørdal.
Seks tilsette er også medeigarar.

Publisert: 06.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52