Bjoerdal satsar i A Alesund
VEKST: Bjørn Meek i PE Bjørdal held døra open både for nye oppkjøp og samarbeidsalliansar.
Nytt

Bjørdal satsar i Ålesund

PE Bjørdal kjøper Steel Tech og etablerer avdeling i Ålesund. Siktar mot vidare vekst.

03.10.2018
Kjøpet av Steel Tech kan bli etterfylgd av fleire.
- Vi jobbar vidare mot vekst, som kan innebere oppkjøp eller ytterlegare samarbeid, seier Bjørn Meek, dagleg leiar og største aksjonær i Meso Invest, som eig PE Bjørdal.

PE Bjørdal i Ørsta (tidlegare Bjørdal Industrier) lagar anlegg til foredling og handtering av fisk for fiskeflåten og fiskeindustrien.
Det var som først fortald om kjøpet av Steel Tech.

Tidlegare partnarar

Fram til den danske utstyrleverandøren Carsoe kom inn som medeigar Steel Tech i 2016 hadde PE Bjørdal og Steel Tech eit samarbeid. Men med danskane på eigarsida vart dei konkurrentar.
Da Carsoe gjekk ut kom PE Bjørdal tilbake, men no som eigar.

Rekruttering

PE Bjørdal hadde 68 millionar i driftsinntekter og eir resultat på to millionar før skatt i fjor. Steel Tech si driftsinntekt var 9,5 millionar kroner og 75.000 kroner i resultat før skatt.
Steel Tech blir no ei avdeling i PE Bjørdal. Dei tre tilsette i Steel Tech skal halde fram med å jobbe i Ålesund. Får Meek den veksten han håpar på blir avdelinga i Ålesund større. Med ei avdeling i Ålesund blir det også lettare å rekruttere.
- Det vil utvide vår moglegheit til å få tak i kvalifisert arbeidskraft, seier han.

Publisert: 03.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26