Nytt
Blanda respons på Hjørundfjordcruise
Dei treng 20 passasjerar i snitt dagleg for å gå i balanse med satsinga på skyssbåt frå Ålesund til Hjørundfjorden. Hittil ligg ein bak målet.
30.07.2020
- Eg er ikkje i tvil om at det er ei rett satsing, men det tek tydelegvis litt tid å innarbeide tilbodet.
Det seier Daniel Storeide ved Christian Gaard Bygdetun på Trandal.
Seks millionar kroner satsa han og søstra Lenita på innkjøp og oppgradering av skyssbåten Nordic Lady.
- Ja, det kosta, men heldigvis hadde vi nokre gode år i 2018 og 2019, slik at vi slapp å låne heile beløpet.
Sjølve båtruta er det Flåm AS som står bak, men det er Daniel Storeide og Christian Gaard Bygdetun som står bak drifta av Nordic Lady.
Den 15 meter lange båten kan ta inntil 44 passasjerar, og har ei toppfart på 36 knop.
- Her ein dag hadde vi 26 passasjerar på ein av avgangane frå Ålesund. Det var veldig gledeleg, seier Storeide.
Men han fortel også om svært dårlege dagar.
- Ja, vi har vore nede i berre ein eller to passasjerar frå Ålesund.
- Faktisk har det vore størst interntrafikk her i Hjørundfjorden og Norangsfjorden. Ruta er viktig for folket her, og for turistane som vil innom ulike stader.
- Vi treng minimum 20 rundreisebillettar berre for å dekke drivstoff og mannskap, seier Storeide.
Han seier at investeringa er ein lekk i ei langsiktig satsing på reiseliv, og trur at satsinga skal løne seg på sikt.
- Ikkje berre tek dette tid å innarbeide, men der må også gjerast ein betre jobb på marknadsføringssida skal vi få opp passasjertalet.
Det seier Daniel Storeide ved Christian Gaard Bygdetun på Trandal.
Seks millionar kroner satsa han og søstra Lenita på innkjøp og oppgradering av skyssbåten Nordic Lady.
- Ja, det kosta, men heldigvis hadde vi nokre gode år i 2018 og 2019, slik at vi slapp å låne heile beløpet.
Tre daglege turar
Nordic Lady starta opp ruta 15. juni og har tre daglege avgangar frå Ålesund til Hjørundfjorden og Norangsfjorden, med stopp på stader som Urke, Sæbø og Øye, i tillegg til Trandal.Sjølve båtruta er det Flåm AS som står bak, men det er Daniel Storeide og Christian Gaard Bygdetun som står bak drifta av Nordic Lady.
Den 15 meter lange båten kan ta inntil 44 passasjerar, og har ei toppfart på 36 knop.
Frå bra til dårleg
I rutefart tar båten 32 passasjerar.- Her ein dag hadde vi 26 passasjerar på ein av avgangane frå Ålesund. Det var veldig gledeleg, seier Storeide.
Men han fortel også om svært dårlege dagar.
- Ja, vi har vore nede i berre ein eller to passasjerar frå Ålesund.
- Faktisk har det vore størst interntrafikk her i Hjørundfjorden og Norangsfjorden. Ruta er viktig for folket her, og for turistane som vil innom ulike stader.
Del av langsiktig satsing
Ruta skal gå ut august.- Vi treng minimum 20 rundreisebillettar berre for å dekke drivstoff og mannskap, seier Storeide.
Han seier at investeringa er ein lekk i ei langsiktig satsing på reiseliv, og trur at satsinga skal løne seg på sikt.
- Ikkje berre tek dette tid å innarbeide, men der må også gjerast ein betre jobb på marknadsføringssida skal vi få opp passasjertalet.
Vi treng minimum 20 rundreisebillettar berre for å dekke drivstoff og mannskap
Publisert: 30.07.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00