Gadus
FRYSETRÅLAR: Gadus er designa av Skipsteknisk og om bord vert det utstyr frå ei lang rekkje utstyrsleverandørar frå Nordvestlandet. Skisse: Skipsteknisk
Nytt

Blir fylt opp med utstyr frå Sunnmøre

Båten er frå Færøyane, skal byggjast i Tyrkia, men mesteparten av utstyret om bord kjem frå Sunnmøre.

23.04.2021

Prislappen er rundt 540 millionar kroner på den nye frysetrålaren Gadus til det færiske selskapet JFK Trol i Klaksvik.

Den 88 meter lange og 18 meter breie trålaren er designa av Ålesund-selskapet Skipsteknisk, og er under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia. Etter planen skal båten vere ferdig i fjerde kvartal neste år.

Ifølgje eit nyheitsbrev frå Eksportkreditt er båten finansiert gjennom Nordea og Eksportkreditt der Eksportkreditt sitt lån utgjer 220 millionar kroner. Summen finansierer 80 prosent av dei norske leveransane.

Fabrikkløysing frå Ørsta
For dette vert i stor grad ein norskutstyrt båt, og der 15 av dei 20 utstyrsleverandørane har adresse på Sunnmøre.

Blant anna skal Ørsta-selskapet Bjørdal Industrier levere fabrikkløysing for bearbeiding av fisk og frysing av produkta om bord i trålaren. Denne fabrikken vil få ein frysekapasitet på over 100 tonn i døgnet.

Ålesund-selskapet Seanoics skal levere desskraner, Kongsberg stiller med ein utstyrspakke og Hareid-selskapet Jets skal lever toalett og reinseanlegg.

Her er oversikta:

Leverandør

Hva

SkipstekniskSkipsdesign
Bjørdal IndustrierFabrikkløsning
BrunvollThrustere/sidepropeller
Fjell TechnologyMelfabrikk
SeaonicsDekk-kraner
KongsbergVinsjepakke, styremaskiner og ror
TeknothermFryseri
FiskeleteutrustningMarinelektronikk
SunncomKommunikasjon
UndertunGangvei
DNVGLKlasse
PremasterVedlikeholdssystem
LuminellLyskastere etc,
DimoHP Cleaner
Maritim PartnerMob båt
LibraUtvendige dører
EkornesSofa og stoler
PyroKjeler
JetsToalett og renseanlegg
SperreStartluftkompresser

- Avgjerande finansiering
Konsernsjef Hanus Hansen i JFK Trol er også glad for å ha Eksportkreditt med på laget.

– Finansieringa frå Eksportkreditt var avgjerande for at vi fekk denne bestillinga på plass.

Han opplyser i nyheitsbrevet at det er endringar i den færøyske lova knytta til fiskerirettar som gjer det aktuelt for JFK Trol å bestille ny trålar. Den nye lova, som vart vedtatt i 2020, sikrar reiarlag 12 års fiskerirettar.

Gadus skal fiske kvitfisk, i hovedsak torsk og hyse. Fisket skal i hovudsak skje i Barentshavet, og noko rundt Grønland.

Kinosal og jacuzzy
Trålaren vil kunne laste 1400 tonn ferdigvarer, og i tillegg ha plass til fiskemjøl og olje.

Om bord skal det vere eit mannskap på vel 30 personar.

Salssjef Lidvard Liaset i Skipsteknisk seier at innreiinga vert spesiell. Blant anna vil mannskapet på fritida kunne nytte kinosal, treningsrom og jacuzzy.

Publisert: 23.04.2021 13:17

Sist oppdatert: 23.04.2021 13:17

Mer om