Blue Fish doblar til 2019
MEIR PLASS. John Breivik og Geir Østensen var primus motor for den fiskerimessa Blue Fish i Ålesund i fjor. No er dei i gang med å planlegge og organisere neste års arrangement. 
Nytt

Blue Fish doblar til 2019

Fiskerimessa Blue Fish doblar arealet til neste års arrangement. Rundt halvparten er utleigd allereie.

14.05.2018
Ideen bak Blue Fish er å etablere ei fiskerimesse på Nordvestlandet som skal alternere med den store internasjonale fiskerimessa Nor-Fishing, som blir arrangert i Trondheim annakvart år.
Rett etter det første Blue Fish-arrangementet i fjor sa initiativtakarane John Breivik og Geir Østensen at responsen auka sjansen for at det blir ein nye messe i 2019.

No er dei godt i gang med å planlegge for Blue Fish-arrangement nummer to.

Meir plass

Messa i 2017 var i Sparebanken Møre Arena, men Østensen og Breivik hadde berre tatt sjansen på å leige deler av hallen. No er arealet for utstilling omlag dobla, opplyser Breivik i ei tekstmelding til NETT NO.
Pr. i dag er cirka halvparten av det tilgjenglege arealet i 2019 reservert eller leigd ut til utstillarar.
I fjor var cirka 80 utstillarar med på messa.

Konferansar

I fjor kom dåverande næringsminister Monica Mæland for å opne messa.
Samstundes med messa blei det og arrangert to konferansar i Ålesund sentrum, "Pelagisk Arena" og "Framtidens Fiskebåt" (les meir under Relaterte saker.
Det blir konferansar også under Blue Fish 2019.
- No vil vi samarbeide med fleire om å skape den viktigaste arenaen for fiskerinæringa i 2019, så Blue Fish ska vere ei overbygning for gode konferaransar, messer og møteplassar, skriv Breivik.
Arrangørselskapet Arena Norway gjekk praktisk talt i balanse i fjor (sjå tabell). Messa i 2017 gjekk med overskot. Overskotet finansierte fjorårets arbeide med 2019-arrangementet.

Publisert: 14.05.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22