2020 skulle bli det første året med fullt utbygd hotell og full drift for Stad Hotel på Leikanger på Stadlandet. Tre dagar etter at regjeringa 12. mars innførte dei sterkaste restriksjonane på ferdsel og samkvem sidan krigen var alle tilsette på Stad Hotel permitterte. I løpet av dagane 16-22 mars blei hotellrom og arrangement for 1,6 millionar kroner avbestilt.
Først for tre veker sidan kom dei første gjestane tilbake, og nett no ser det bra ut med mange norske gjester, fortel dagleg leiar Øystein Wiig Rambøl. Dessverre ser det ut til at det blir nokså stille igjen når den norske ferien er omme.
- Kunne ikkje vore verre, seier Wiig Rambøl om konsekvensen av koronaepidemien for hotellet i første heile driftsår.
Strategien no er å bygge seg sakte opp, med utgangspunkt i at kjøkkenet skal vere trekkplasteret.
- Kjøkkenet skal vi satse på, seier Wiig Rambøl.
Ruta skal starte 10. august,og Otnheimneset er ein av stadane som blir vurdert som stoppestad.
Hotellet har samla 32 rom i den restaurerte Furebuda og nye Hoddevikbuda ved sidan av. I tillegg er det fest- og møtesal, restaurant og pub.
Ervik Havfiske-konsernet eig hotellet og har investert omlag 80 millionar kroner i hotellet, investeringar som i stor grad har kome lokale firma til gode.
Først for tre veker sidan kom dei første gjestane tilbake, og nett no ser det bra ut med mange norske gjester, fortel dagleg leiar Øystein Wiig Rambøl. Dessverre ser det ut til at det blir nokså stille igjen når den norske ferien er omme.
- Kunne ikkje vore verre, seier Wiig Rambøl om konsekvensen av koronaepidemien for hotellet i første heile driftsår.
Satsar på kjøkkenet
No er dei tre tilsette. I august kjem ny kjøkkensjef. Då blir dei fire, og fleire er det ikkje planar om å bli inntil vidare. Trengst det ekstra kapasitet er planen å hente inn folk på timebasis.Strategien no er å bygge seg sakte opp, med utgangspunkt i at kjøkkenet skal vere trekkplasteret.
- Kjøkkenet skal vi satse på, seier Wiig Rambøl.
Ser nordover
Wiig Rambøl ser først og fremst nordover for å trekkje til seg kundar. Håpet er mellom anna å få Cruise Service til å bruke Ervik Havfiske si kai på Otnheimneset - ikkje langt unna Leikanger på Stadlandet - som stoppestad for den planlagte båtruta mellom Ålesund og Åheim.Ruta skal starte 10. august,og Otnheimneset er ein av stadane som blir vurdert som stoppestad.
Investert 80 millionar kroner
I november i fjor opna Stad Hotel etter ombygging og utviding.Hotellet har samla 32 rom i den restaurerte Furebuda og nye Hoddevikbuda ved sidan av. I tillegg er det fest- og møtesal, restaurant og pub.
Ervik Havfiske-konsernet eig hotellet og har investert omlag 80 millionar kroner i hotellet, investeringar som i stor grad har kome lokale firma til gode.
Publisert: 16.07.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59