Bod langt under takst
1,5 MILLIONAR: Pr. i dag er høgste bod på denne eigedomen 1,5 millionar kroner.
Nytt

Bod langt under takst

Advokat Jørund Knardal har fått inn bod på 1,5 millionar kroner for fiskeindustrieigedomen på Moltustranda. Taksten er 5,5 millionar. 

24.01.2019
Eigedomen blir seld på tvangsauksjon etter krav frå Innovasjon Norge, Skatteoppkrevaren i Herøy og Skatt Midt-Norge.
Fristen for å gi bod er i slutten av februar. Pr. i dag er høgste bod på 1,5 millionar kroner.
- Vi har hatt nokre bod, men ikkje så høge bod, seier Knardal.

Sandanger stor aksjonær

Det er Sunnmøre Eiendom Moldtu as som eig eigedomen. I følgje proff.no er Edgar Ove Sandanger og Platina Risk Management største aksjonærar i eigedomselskapet.
Eigedomen omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupn ved betongkaia.
I dag er det ikkje aktivitet på eigedomen. Driftselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood, med Edgar Sandanger som stor eigar, held til i bygget fram til selskapa blei slått konkurs.


Ville selje

Edgar Sandanger sa i eit intervju med NETT NO i april i fjor at produksjonsselskapet var viljug til å selje utstyr, bygg og kaier på Moltu for å bli samd med kreditorane, berge selskapet og sikre vidare drift.

Publisert: 24.01.2019 11:41

Sist oppdatert: 16.06.2021 08:59